Når krig og okkupasjon blir «operasjon»
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Aller først ein takk til ambassadør Fazli Corman. Det er lærerikt å lese korleis han i Dag og Tid 9. september følgjer opp ordskiftet om den tyrkiske krigføringa i Syria og Irak. Vi er djupt ueinige, men open diskusjon er bra. Og eg meiner han har rett på nokre punkt.
Han skriv at eg forsvarar «ein blodtørstig terrororganisasjon som PKK». Ja, eg forsvarar PKK på same vis som eg på 1960-talet forsvarte den sørafrikanske frigjeringskjemparen Nelson Mandela. Han sona 27 år av ein livstidsdom. Det kvite raseskiljeregimet i Sør-Afrika som stempla han som terrorist, tapte til slutt. Mandela støtta den kurdiske frigjeringskampen, både før og etter at PKK-leiaren Öcalan vart dømd til fengsel på livstid.
Så skal eg seie litt om dei fire punkta ambassadør Corman tar opp.
1. Eg er einig med ambassadøren i at korkje Afghanistan, Irak, Libya eller Jemen skulle ha vorte invaderte, «då ingen av dei gjekk til angrep på inntrengaren». Vi kan godt legge til Nato-angrepet på Jugoslavia i 1999. Noreg braut folkeretten og deltok med eigne styrkar i tre Nato-styrte krigar. Norske statsministrar nekta lenge for at Noreg førte krig i desse landa. Dei brukte heller ord som «operasjon» og liknande, akkurat slik ambassadør Corman no omtalar Tyrkias krig i Syria.
2. Rojava betyr vest eller Vest-Kurdistan. Rojava er tre område langs den syriske grensa mot Tyrkia. Dei fleste som bur der, er kurdarar. Revolusjonen i Rojava i 2012 oppretta eit regionalt sjølvstyre i det meste av dei tre områda.
Seinare førte SDF (Syrias demokratiske styrkar) krig mot IS i meir enn fire år. SDF mista rundt 12.000 av sine, men dei frigjorde IS-okkuperte område i Nord- og Aust-Syria. Rojava er no ein liten del av den sjølvstyrte landsdelen. Fleirtalet er ikkje kurdarar. For meg er det derfor naturleg å bruke det offisielle namnet Den autonome administrasjonen i Nord- og Aust-Syria (AANES), sjølv om det reint språkleg er krøkkete. Eg skreiv boka Rojava – kurderne i kamp for ei framtid uten Assad, Erdogan og Daesh i 2016. AANES var ikkje oppretta da.
Siste tiåret har eg møtt mange leiarar frå SDF/YPG. Ingen brukte «statsliknande titlar». Det er naturleg ettersom dei ikkje er separatistar og ikkje vil bryte ut av Syria.
3. Eg har ikkje sett tyrkiske soldatar når dei sender rakettar eller bomber som øydelegg sivile bustader i det sjølvstyrte området i Syria. Men eg har sett resultata. I byen Z’rgan såg eg hola i gatene og på leikeplassane etter nedslaga frå rakettar og bombekastarar. Frontlinja mot det tyrkisk-okkuperte området var mindre enn to kilometer unna. Kan andre enn Tyrkia ha gjennomført desse angrepa?
Ambassadør Corman tilbyr meg hjelp neste gong eg besøker uskyldige sivile i Syria: «Gi oss beskjed neste gong han reiser, slik at vi kan forsikre oss om at staden han besøker, vert skåna for åtak (…)». Korleis kan ambassadøren gi meg dette sjenerøse tilbodet viss ikkje Tyrkia står bak angrepa?
4. Ambassadøren har rett når han kritiserer meg for misvisande omtale av den nasjonale pakta frå 1920. Frå 1919 til 1923 stod general Atatürk i spissen for frigjeringskrigen mot dei europeiske imperialistmaktene som hadde knust Det osmanske riket. Både den indiske frigjeringsleiaren Jawaharlal Nehru og mange andre støtta Atatürks krig mot imperialistmaktene.
Atatürk var meir enn ein dyktig general. I desse åra bygde han òg breie alliansar. Fleire store konferansar i 1919 la det politiske grunnlaget for frigjeringskrigen. 22 av 56 delegatar på Erzerom-konferansen var kurdarar. Den nasjonale pakta vart så vedtatt på Sêwas-konferansen i september. Der heldt Atatürk ein flammande tale: «Så lenge det finst menneske med ære og respekt, vil tyrkarar og kurdarar halde fram med å leve saman som brør rundt kalifatinstitusjonen» (David McDowall (1997): A Modern History of the Kurds. Utgitt av I.B. Tauris. McDowall oppgav ei tyrkisk kjelde: Sacak nr. 39 frå april 1987). Pakta omfatta område «som er bebodd av et osmansk muslimsk flertall som er forent når det gjelder religion, rase og hensikt». Våren 1920 understreka Atatürk at «her er både tyrkere og kurdere. Vi skal ikke atskille dem». (Helene Støversten (1998): Konstitusjonelt design i flernasjonale stater. En normativ analyse av den tyrkiske grunnloven av 1982. Hovudoppgåve i statsvitskap, Universitetet i Oslo.)
Fire år etterpå gjekk Atatürk vekk frå den breie plattforma som gav siger i frigjeringskrigen. Han oppheva kalifatet i 1924, året etter at staten Tyrkia vart oppretta. Forbod mot kurdisk språk vart i 1926 ført inn i straffelova. Statsminister Ismet Inönü sa i 1930 at «berre den tyrkiske befolkninga har rett til å hevde etniske rettar i dette landet. Inga anna gruppe har denne retten».
Likevel kan ein godt seie at pakta i 2019 på mange måtar var ein defensiv plan. Pakta skulle hindre at imperialiststatane rana til seg enda meir av land og naturressursar som hadde tilhøyrt Det osmanske riket. Så skulle ein ny stat byggast på det området som imperialistane måtte gi opp. Atatürk vann frigjeringskrigen, men den nye staten Tyrkia fekk berre ein del av området som Den nasjonale pakta gjorde krav på.
I 2022 er det annleis. Tyrkia har i 100 år hatt dei grensene som vart fastsette på Lausanne-konferansen i 1923. Områda utanfor desse grensene tilhøyrer andre statar. Å gjennomføre «arealdelen» av den nasjonale pakta i dag er derfor ein offensiv plan for eit «Stor-Tyrkia».
Men president Erdogan vil – som andre okkupantar – sjølvsagt ikkje bruke ord som krig og okkupasjon.