Nedgang i rasisme i Noreg?
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
I ein personleg refleksjon om rasisme i Noreg hevdar Morten Strøksnes i førre utgåva av Dag og Tid at det har vore ein «spektakulær nedgang i norsk rasisme» sidan hans eigen barndom. Han har truleg mykje rett, men han tek òg feil.
Om me ser på statistikk, til dømes frå Norsk Monitor eller frå IMDi sitt integrasjonsbarometer, syner det seg ein klår nedgang i fiendslege og skeptiske haldningar til innvandrarar og flyktningar. Haldningane har vorte mykje meir positive frå eit særs negativt utgangspunkt. Dette er ein klår indikasjon på at Strøksnes har heilt rett.
Samstundes tek han feil i avvisinga av strukturell rasisme og i måten han nyttar rasismeomgrepet på. For Strøksnes skriv om rasisme på ein utdatert måte. Han knyter rasisme til enkle og synlege trekk ved individ eller grupper, særleg hudfarge, sjølv om han òg trekkjer inn kulturelt-religiøse trekk som hijab. Difor kallar han fiendslege åtak på muslimske kvinner med hijab for rasisme. Og det kan vere rett nok.
Men den oppdaterte rasismeforskinga har ei breiare forståing av rasisme. Her kan Strøksnes ha rett i at ein del, kanskje for mykje av denne forskinga har eit for utvida rasismeomgrep. Eg trur det er nyttig å skilje mellom rasediskriminering og rasisme.
Rasisme er ein ideologi eller eit verdsbilete der førestillingar om rase er sentralt, ja, avgjerande i forståinga av røyndomen. Antisemittisme er eit godt døme på ein slik rasisme der førestillingar om jødar er forklåringa på omtrent alt som skjer, særleg det som er gale. Dette av di jødane som rase er farlege. Dei styrer verda og konspirerer mot ikkje-jødar. Rasistane i Ku Klux Klan meiner svarte er farlege, notoriske kriminelle, utruverdige og så bortetter. Dei trugar kvite kvinner og tek arbeidet frå heiderlege kvite arbeidarar. Dei blir ei slags universalforklåring på det som er gale i samfunnet.
I Noreg finst det ikkje mange slike rasistar. Det har Strøksnes heilt rett i, og den nemnde statistikken underbyggjer dette. Derimot finst det nok ein god del meir rasediskriminering. Det kan definerast som diskriminering på grunn av nasjonal eller etnisk opphav eller såkalla rase. Slik rasediskriminering er slett ikkje uvanleg, også av di han kan vere umedviten.
Ein kan vidare seie at rasisme naudsynleg fører til rasediskriminering, men ikkje all rasediskriminering er tufta på rasisme. Ein kan til dømes fortelje ein og annan rasistisk vits utan å vere ihuga rasist i den nemnde tydinga.
Nyare rasismeforsking syner oss at me alle er dominerte av førestillingar om «det vanlege» og «det normale». Slike hegemoniske førestillingar er ikkje berre ei oppfatning av ein empirisk og deskriptiv røyndom, men vert ofte kombinert med normative standpunkt.
Me kan nytta heteroseksualitet som eit døme. Det er ikkje tvil om at heteroseksualitet er normalt og vanleg. Truleg er det den seksuelle legninga og praksisen til meir enn 90 prosent av befolkninga. Dette empiriske faktum var òg lenge ein normativ posisjon. Heteroseksualitet var moralsk rett og dermed var homoseksualitet gale, noko umoralsk. Heldigvis har me endra syn på dette. Stadig fleire ser ikkje noko gale i homoseksualitet, i alle i fall ikkje innanfor eit stabilt homofilt parforhold.
Parallellen her er ei hegemonisk førestilling, i hovudsak umedviten, om kvitleik som det normale og difor det rette eller gode. Slik ber me med oss ein skepsis til avvik frå den hegemoniske normaliteten, ein skepsis me må verte medvitne om for å endre.
Slik sett er strukturell rasediskriminering (ikkje rasisme) meir enn lover og medvitne praksisar. For Strøksnes har heilt rett i at på dette strukturnivået – lover og så bortetter – er Noreg i stor grad strukturelt antirasistisk. Så når ein ikkje skjønar dei oftast umedvitne hegemoniske haldningane, blir det uforståeleg kvifor det skjer (rase)diskriminering i det heile. Difor ser me òg ei fornekting av erfaringane til mange ikkje-kvite eller kulturelt annleis personar.
Denne erfaringa vert avvist som overdriven og i alle fall ikkje grunnlag for ein påstand om mykje rasisme i Noreg. Det siste er rett. Det er altså ikkje mykje ideologisk rasisme i vårt land, men framleis for mykje rasediskriminering – rett og slett av di me ikkje ser dei djupe strukturane i dei dominerande førestillingane i vårt samfunn.
Det er såleis mykje som må gjerast for å byggje ned grunnane til den rasediskrimineringa som faktisk skjer. Det er likevel gode grunnar til å seie at mykje også går i rett lei. For me kan verte medvitne om desse strukturane og difor endre haldningar. Homokampen er eit godt døme på at det er mogleg.