Samferdsel

No kjem rekninga

Batteridrivne «Medstraum», kåra til «Ship of the year» i 2022, måtte i januar 2025 takast heilt ut av pendlerruta mellom Stavanger, Byøyane og Hommersåk på grunn av redusert batterikapasitet og andre driftsproblem.
Publisert Sist oppdatert

Norsk snøggbåtnæring er inne i si største krise på 25 år. Det heilt naudsynte samarbeidet mellom fylke, reiarlag og verft slår sprekker. Krav og forventningar vert ikkje oppfylte, konfliktar er meir regelen enn unntaket. Trafikkantane er skadelidande.

Utviklinga av norsk hurtigbåtindustri har aldri vore ein dans på roser, men næringa – både konstruktørar, verft og reiarlag – har teke små viktige steg på ein eineståande utviklingsveg.

Nokre få norske verft driv denne risikosporten. I spissen ligg Brødrene Aa i Hyen med 130–140 tilsette og Oma Båtbyggeri på Stord med om lag halvparten så mange tilsette.

Næringa har vore gjennom ei rivande utvikling dei siste 20 åra, ei utvikling som ingen andre samferdselssektorar kan stilla opp mot: betre skrogformer, lettare og sterkare byggematerialar, ei fantastisk propell- og vassjetutvikling og utsleppsgjerrige hypermoderne dieselmotorar.

Likevel er desse båtane utpeikte til dei absolutt verste forureinarane innan heile samferdselssektoren.

Men dette skulle «det grøne skiftet» bøta på. Plutseleg sat pengane laust, og samfunnet pøste inn hundretals millionar. Reiarlag, konsulentar og verft beit på og utvikla håpefulle løysingar i rekordfart. Det vart etter kvart eit prestisjejag mellom dei ulike aktørane.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement