Noreg gjer som USA vil

Stormakta USA og småstaten Noreg har ikkje same interesser, minner Gro Eriksen og Ingegerd Austbø om. Foto frå eit Nato-møte i Litauen i 2023.
Stormakta USA og småstaten Noreg har ikkje same interesser, minner Gro Eriksen og Ingegerd Austbø om. Foto frå eit Nato-møte i Litauen i 2023.

«Truleg kan USA lagra atomvåpen på basane i Noreg dersom USA finn at det er strategisk viktig.»

Publisert Sist oppdatert

I 2022 signerte Noreg ein bilateral forsvarsavtale med USA. Den gav USA rett til å oppretta militærbasar på fire såkalla «omforente områder». Med tillegget Stortinget har vedtatt i år, har dette auka til tolv, utan offentleg debatt.

IKFF (Internasjonal kvinneliga for fred og frihet) har sendt høyringssvar til utanriks- og forsvarskomiteen i 2022 og til Forsvarsdepartementet i 2024, der det blir peika på ein del oppsiktsvekkande sider ved avtalen. Same type avtale har USA fått med andre nordiske land, så totalt får USA 47 basar i Norden. Basane skal trygga oss mot russiske angrep, heiter det.

USA står i ein klasse for seg når det gjeld militær kapasitet. Den er mange gonger så stor som Russland sin. I tillegg er USA militært til stades over store delar av verda. Før dei nordiske landa signerte sine avtalar, hadde USA over 800 militærbasar i 80 land, mens Russland berre har nokre få.

Avtalen gir USA fri tilgang og bruksrett på dei «omforente områda» (art. III og IV). Noreg har ikkje lov til å kontrollera kva USA fører inn på basane utan godkjenning frå USA (art. XI). Det står at avtalen ikkje endrar norsk basepolitikk når det gjeld lagring av atomvåpen. Kvifor kan då ikkje Noreg kontrollera kva USA fører inn?

Truleg kan USA derfor lagra atomvåpen på basane dersom USA finn at det er strategisk viktig. USA tenkjer nok først og fremst på eigne interesser.

Dersom Noreg og USA skulle bli ueinige om enkelte ting i avtalen, blir det nok USA sine vurderingar som vil gjelda. Avtalen forbyr nemleg å bringa eventuell usemje inn for nasjonale eller internasjonale rettsinstansar; heller ikkje Nato kan vurdera dette (art. XXIX).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement