«Noregs tryggleik krev auka Ukraina-støtte»

Ukrainarane leitar etter og skyt mot russiske dronar over Kyiv.
Ukrainarane leitar etter og skyt mot russiske dronar over Kyiv.
Publisert Sist oppdatert

Som Halvor Tjønn viser i Dag og Tid 18. oktober, har det ikkje vore nokon god haust for Ukraina. Russland vinn sakte, men sikkert terreng i aust, og den ukrainske inntrenginga i den russiske Kursk-regionen synest å ha hatt liten effekt. Samstundes er ukrainske soldatar utslitne, utan at regjeringa i Kyiv klarar å mobilisere på langt nær mange nok nye. Dessutan ser det ut til at den vestlege støtta til Ukraina kan gå ned neste år, spesielt dersom Donald Trump blir USAs neste president.

Også i Noreg synest nederlagsstemning å breie seg, i praksis om ikkje i ord. Regjeringas budsjettforslag inneber ei halvering av den norske militære støtta til Ukraina i 2025 i høve til 2024. Den samla norske støtta vil gå ned frå 27 til 15 milliardar kroner, noko som ifølgje Tjønn utgjer «fattige» 0,28 prosent av norsk BNP.

Noreg gjev mindre

Bjørn Johan Berger peika i Aftenposten 15. oktober på at Noreg gjev langt mindre til Ukraina enn land det er naturleg å samanlikne seg med, ikkje minst Danmark og Sverige. Som han også minte om, gjeld dette trass i at Noreg har hatt enorme meirinntekter, kanskje 2000 mrd. kroner, på grunn av auka petroleumsprisar etter Russlands fullskalainvasjon av Ukraina. Tre prosent realavkastning av dette, som handlingsregelen legg til grunn, utgjer meirinntekter til Noreg på 60 milliardar kroner per år. Det er meir enn heile den samla norske støtta til Ukraina sidan 2022 og fire gonger meir enn regjeringas forslag for 2025.

Stakkarsleg

Den norske Ukraina-støtta framstår dermed som ganske stakkarsleg, både i absolutte og i relative tal. Det er både vanskeleg å forklare og flautt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement