Ny kurs med endra styrkeforhold?

«I konfliktar er styrke viktigare enn hensikter og narrativ.»

Publisert Sist oppdatert

Me står overfor tre store konfliktar i dag – ein i Midtausten, ein i Asia og ein i Europa, konfliktar som går fleire tiår tilbake i tid. I alle desse tre konfliktane har USA, med vestverda på slep, spela ei viktig rolle. Det som kjenneteiknar alle tre konfliktane, er at USA og vestverda fram til no har handla ut frå styrke.

Som i nesten alle konfliktar er den sterke parts grunngjeving av det edlaste slag, enten i form av kamp mot terrorisme i Palestina, mot Putin-regimets imperiebygging i Europa, eller mot det kinesiske kommunistpartiets aggresjon i Sør-Kina-havet og overfor Taiwan.

Dette verdsbiletet – at vestverda med USA i spissen kjempar ein rettvis kamp mot terror, diktatur og ekspansjon – kan ein sjølvsagt velja å tru på; Dag og Tid gjer sanneleg sin del av jobben. Men fleire og fleire land i den delen av verda me kan kalla det globale sør, trur ikkje på dette. For særs mange land er Russland og Kina pålitelege partnarar både når det gjeld diplomati, politikk og handel. Russland spelar ei viktig balanserande rolle i utvidinga av BRICS, og Kinas pragmatiske program for handel og utvikling er i ønskt velkommen i store delar av verda.

Sjølv har eg budd i over tjue år i Kina, og opplevd kor langt frå sanninga det biletet vestverdas medium teiknar av landet, er frå røynda slik ein vanleg kinesar opplever det.

I konfliktar er styrke viktigare enn hensikter og narrativ. Fram til no har me ført våre krigar fordi me kan, fordi me risikerer lite, fordi våre narrativ har dominert i media, og fordi krigane har hatt totalt asymmetriske styrkeforhold i vår favør, ofte i form av avstandskrigar med fly eller dronar.

Dei siste månadars utvikling bør ha lært oss at Israel med støttespelarar ikkje er allmektige i regionen, at Russland har våpen fullt på høgd med våre, og overlegen våpenproduksjonskapasitet, og at Kinas styrke og vilje til forsvar av eigne standpunkt er udiskutable.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement