Ny president i Indonesia
Den nyvalde presidenten i Indonesia, Prabowo Subianto (til venstre), i følgje med den avtroppande Joko Widodo går til innsettingsseremonien i presidentpalasset i Jakarta.
Foto: Willy Kurniawan / Reuters / NTB
«Indonesia har no fem års presidentperiodar, med høve til attval éin gong, liksom USA – for å blokkere for nye trettiårspresidentar som Soeharto.»
2024 er eit år fullt av potensielt lagnadstunge val, og det kan nok også gjelde det fjerde folkerikaste landet i verda, Indonesia, med 276 millionar menneske. Der hadde dei presidentval alt i februar, med Prabowo Subianto Djojohadikusumo som klar sigerherre. Men først nyleg, den 20. oktober, overtok han embetet etter forgjengaren sin, Joko Widodo, eller Jokowi, som han mest blir kalla.
Dette er namn få nordmenn kjenner og forbind noko særleg med, og det kan vere gode grunnar til å sjå nærare på situasjonen ved eit slikt omskifte, overgangen frå den sjuande til den åttande presidenten i Indonesia etter at landet gjorde seg sjølvstendig i 1945.
Prabowo Subianto er fødd i 1951. Far hans var ein sentral politikar under dei to første presidentane i Indonesia, Sukarno (1945–68) og Soeharto (1968–98). Prabowo gjorde militær karriere under Soeharto, som også vart svigerfar hans, og hadde ei sentral rolle under okkupasjonen av Aust-Timor frå 1975 av, med den statsterrorismen det innebar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.