Nye fylke og geografisk heimfesting
Fylkesreforma
Den nye fylkesreforma har fått mykje og rettkommen kritikk, både for sjølve samanslåingane og for nokre av dei mest hjelpelause namna politikarane har forsynt dei nye fylka med. Her vil eg peike på ein mogleg positiv konsekvens av desse omkalfatringane.
Det er ein ganske irriterande tendens i offentlege samanhengar, ikkje minst i NRK, at ein oppfattar fylka som dei einaste einingane i den norske geografien når ein skal opplyse om kor ein bestemt stad ligg, heimfeste staden, som vi gjerne kallar det. Det heiter da Vinstra i Oppland, Ål i Buskerud, Ulvik i Hordaland, Førde i Sogn og Fjordane, Volda i Møre og Romsdal. Dette burde vere unødvendig i desse tilfella, sidan desse stadene er såpass store og velkjente at folk vel stort sett veit kor dei er, i alle fall dersom dei kan geografien godt nok til å plassere alle fylka. Men det finst mange bygder som ikkje alltid er så kjent for alle utanfor det aktuelle distriktet, og da kan heimfesting vere på sin plass: Sollia i Hedmark, Uvdal i Buskerud, Høyland i Rogaland, Innvik i Sogn og Fjordane, Aure i Møre og Romsdal.
Men korleis blir det no? Skal det heite Sollia i Innlandet, Vinstra i Innlandet, Ål i Viken, Uvdal i Viken, Ulvik i Vestland, Førde i Vestland, Innvik i Vestland? Høyland blir sjølvsagt verande i Rogaland, og Volda og Aure i Møre og Romsdal, i alle fall til så lenge.
Dette blir så upresist at desse heimfestingane blir ubrukelege, særleg for dei mindre stadene. Da har vi eit godt alternativ, som NRK og andre bør innarbeide: Desse stadene har meir presise heimfestingar, som dei har vore kjent for i hundrevis av år, nemleg dei tradisjonelle landskapsnamna. Landskapa er faste einingar i det norske geografien, med røter tilbake til mellomalder og vikingtid og lenger bakover, og er i full bruk i dag. Det er også dei folk identifiserer seg med, i mange tilfelle langt meir enn med fylka, og dei blir ikkje endra eller fjerna frå medvettet til folk gjennom byråkratiske vedtak. Derfor bør heimfestingar av norske bygder, bygdebyar og andre lokalsamfunn no førast tilbake til den gamle praksisen. Det bør heite Sollia i Østerdalen, Vinstra i Gudbrandsdalen, Ål i Hallingdal, Uvdal i Numedal, Høyland på Jæren, Ulvik i Hardanger, Førde i Sunnfjord, Innvik i Nordfjord, Volda på Sunnmøre, Aure på Nordmøre. Slik det eigentleg alltid har heitt.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.