Nye fylke og geografisk heimfestingFylkesreformaLars S. VikørDen nye fylkesreforma har fått mykje og rettkommen kritikk, både for sjølve samanslåingane og for nokre av dei mest hjelpelause namna politikarane har forsynt dei nye fylka med. Her vil eg peike

Publisert

Den nye fylkesreforma har fått mykje og rettkommen kritikk, både for sjølve samanslåingane og for nokre av dei mest hjelpelause namna politikarane har forsynt dei nye fylka med. Her vil eg peike på ein mogleg positiv konsekvens av desse omkalfatringane.

Det er ein ganske irriterande tendens i offentlege samanhengar, ikkje minst i NRK, at ein oppfattar fylka som dei einaste einingane i den norske geografien når ein skal opplyse om kor ein bestemt stad ligg, heimfeste staden, som vi gjerne kallar det. Det heiter da Vinstra i Oppland, Ål i Buskerud, Ulvik i Hordaland, Førde i Sogn og Fjordane, Volda i Møre og Romsdal. Dette burde vere unødvendig i desse tilfella, sidan desse stadene er såpass store og velkjente at folk vel stort sett veit kor dei er, i alle fall dersom dei kan geografien godt nok til å plassere alle fylka. Men det finst mange bygder som ikkje alltid er så kjent for alle utanfor det aktuelle distriktet, og da kan heimfesting vere på sin plass: Sollia i Hedmark, Uvdal i Buskerud, Høyland i Rogaland, Innvik i Sogn og Fjordane, Aure i Møre og Romsdal.

Men korleis blir det no? Skal det heite Sollia i Innlandet, Vinstra i Innlandet, Ål i Viken, Uvdal i Viken, Ulvik i Vestland, Førde i Vestland, Innvik i Vestland? Høyland blir sjølvsagt verande i Rogaland, og Volda og Aure i Møre og Romsdal, i alle fall til så lenge.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement