Nynorsk i Store norske leksikon
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
I Dag og Tid 27. mai kritiserte Ottar Grepstad Store norske leksikon for å ha rådd éin forfattar til å bruke ordet ‘eksempel’ framfor ‘døme’ i nokre artiklar. Vi svarte 3. juni, med det Grepstad kalla eit «Dagsnytt 18-svar», og Grepstad gjentok kritikken i eit nytt lesarinnlegg i avisa 10. juni.
Grepstad var direktør for Nynorsk kultursentrum frå 1999 til 2018. I 2020, etter at Grepstad hadde gått av som direktør, inngjekk Store norske leksikon (SNL) og Nynorsk kultursentrum ein omfattande samarbeidsavtale for meir nynorsk i SNL. Som ein del av dette samarbeidet har nynorskleksikonet Allkunne blitt del av Store norske leksikon, slik at det gode innhaldet frå Allkunne kan få fleire lesarar.
I svarinnlegget vårt 3. juni fortalde vi om korleis det går med arbeidet for meir nynorsk i Store norske leksikon. Det er no over 17.000 artiklar på nynorsk i SNL, meir enn ei dobling sidan 2020. Nynorskartiklane i SNL er lesne meir enn tre millionar gongar det siste året. Det er vi glade over og stolte av.
Vi svarte med eit generelt svar om korleis det går med nynorskarbeidet i SNL. Det kjendest merkeleg å skrive avisinnlegg om eit råd eg har gjeve på telefon til éin forfattar om ordval i nokre artiklar; difor gav vi eit generelt svar. Grepstad etterlysar detaljerte svar på kritikken sin, det får han her.
Grepstad hevdar at vi skriv at ‘døme’ er vanskelegare å forstå enn ‘eksempel’, og at vi driv med synsing. Det gjer vi ikkje: Vi skreiv at ‘eksempel’ er vanlegare enn ‘døme’. Dette er lett å dokumentere ved hjelp av Nasjonalbibliotekets N-gram-teneste med oversyn over bruk av enkeltord i alle nynorskbøker som er gjevne ut. Her ser ein at ‘eksempel’ har vore vanlegare enn ‘døme’ i nynorskbøker dei siste 25 åra.
I forfattarrettleiinga vår skriv vi: «Når du skriv ein ny artikkel i Store norske leksikon, står du fritt til å velje mellom bokmål og nynorsk. Dersom du kan både nynorsk og bokmål, vil vi helst at du skriv nynorsk. (...) Du må følgje gjeldande rettskriving. Dersom eit ord har fleire godkjende skrivemåtar, bør du velje dei vanlegaste formene.»
Store norske leksikon tek i liten grad stilling til normering, vi lar i stor grad forfattarane våre bruke alle ord og ordformer som står oppført i ordlistene (så lenge dei er konsekvente i kvar artikkel). Når redaksjonen får spørsmål om val av enkeltord, rår vi til å bruke dei mest vanlege formene, for eksempel ‘bruk’ framfor ‘anvendelse’, ‘svart’ framfor ‘sort’ og ‘eksempel’ framfor ‘døme’. Vi har ikkje noko forbod mot ‘døme’, ordet er brukt i 2000 artiklar i leksikonet i dag; det er lett å sjekke ved å gjere eit enkelt søk i leksikonet.
Grepstad hevdar òg at Store norske leksikon er eit «sterkt, bokmålsdominert skrivemiljø [som] gjer krav på å vite best korleis nynorsk bør skrivast». Det er ein heilt uforståeleg påstand: SNL har hatt to sjefredaktørar dei siste elleve åra, båe har tidlegare hatt sentrale verv i Noregs Mållag; styreleiaren vår er nynorsking og det er fleire hundre nynorskbrukarar blant forfattarane våre. Det er framleis for lite innhald på nynorsk i leksikonet (vi arbeider med saka), men miljøet vårt er definitivt svært nynorskvenleg!