Økonomane og framtidaØkonomiOlav Hauge I Dag og Tid 11. mai 2018 skriv Jon Hustad eit omfattande innlegg om rør om framtida. Sjølvsagt har Jon Hustad rett i at økonomar ikkje veit meir om framtida enn andre gjer. Gode økonomar veit at dei veit strengt teke
I Dag og Tid 11. mai 2018 skriv Jon Hustad eit omfattande innlegg om rør om framtida. Sjølvsagt har Jon Hustad rett i at økonomar ikkje veit meir om framtida enn andre gjer. Gode økonomar veit at dei veit strengt teke ikkje noko om framtida, det er difor dei er økonomar. Men ein brukbar økonom kan litt historie og kan gje nokre råd om kva som kan vera lurt å gjera framover. Eitt råd kan Jon Hustad få: Sørg for å få opp inflasjonen, så kan altfor låge renter også gå opp, det veit økonomar noko om.
I 1975 delte Tjalling Koopman minneprisen i økonomi med Leonid Kantorovitsj, og Milton Friedman fekk prisen i 1976. Etter det starta land i den vestlege verda å leggja om til ein økonomisk politikk der pengepolitikken stod svært sentralt.
Bak eit tynt ideologisk lag viser historia at pengepolitikk kombinert med store skattekutt er ein dårleg økonomisk politikk. Ute i Europa har ein slik politikk i EU og Tyskland skapt stor arbeidsløyse og kasta bort store verdiar. Nærare 9 prosent av alle arbeidsfolk i eurosona melder seg arbeidslause. Det tilseier at minst 10 prosent ønskjer, men ikkje får seg arbeid.
I norske nasjonalbudsjett er verdien som sit i hovudet, hendene og kroppen på arbeidskrafta, rundt 20 «oljefond»!
Med ein mindre del av Oljefondet kan staten kjøpa alle norske børsnoterte selskap, så verdien av børsselskap blir «lommerusk» om vi samanliknar han med verdien av arbeidskrafta eit samfunn rår over og kan utnytta.
Landa i eurosona kastar kvart år bort fleire oljefond ved ikkje å nytta meir av den viktige formuen dei skal leva av.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.