Om å tenke på framtidige generasjonar

Kronikkforfattaren har barndomsheimen Naustdalslia som «skjermsparar» og dekorasjon på skjermen når TV-en ikkje er i bruk.
Kronikkforfattaren har barndomsheimen Naustdalslia som «skjermsparar» og dekorasjon på skjermen når TV-en ikkje er i bruk.

Kronikk

Det blir hevda at noko av det verste tidlegare generasjonar har gjort mot naturen og framtidige generasjonar, var å plante gran på Vestlandet.

Publisert

Vi har ein TV på veggen med eit bildearkiv der ein kan velje seg eit bilde som «skjermsparar» og dekorasjon når TV-en ikkje er i bruk. Her har eg i det siste hatt oppe eit bilde av barndomsheimen, Naustdalslia, i det som for eit par–tre år sidan var Naustdal kommune. Her ser ein det som er igjen av to småbruk som var i drift til for 50–60 år sidan. Barndomsheimen er tunet til venstre. Restane av den dyrka jorda blir hausta gras på av ein av dei få gardbrukarane som framleis finst i bygda. Resten av innmarka blei planta til med gran da gardsdrifta blei lagd ned i slutten av 1960-åra.

Til skade

Vi eldre, og etter kvart gamle, har jo som kjent meir å sjå tilbake på enn vi har å sjå fram mot. Eg fekk ei påminning om dette ein dag eg sat i godstolen og bladde i Facebook med bildet av barndomsheimen på veggen. Her dukka det opp ei lengre formaning til dagens vaksne og eldre om at vi må tenke framover, på ungdommen og på framtidige generasjonar.

Dagens vaksne tenker ikkje på framtidige generasjonar, men øydelegg naturen til skade for generasjonane etter seg, blei det påstått. Noko av det verste tidlegare generasjonar har gjort mot naturen og framtidige generasjonar, var å plante gran på Vestlandet, blir det hevda. All granplantinga «har gjort stor skade på norsk kystnatur», skriv naturvernorganisasjonen Sabima på nettsidene sine. Grana er ein framand art som ikkje høyrer naturleg heime i naturen på Vestlandet.

Innsatsen til far min og alle dei andre bøndene som i si tid planta granteigane vi ser på bildet, har med andre ord vore med på å øydelegge naturen til skade for ungdommen i dag og for framtidige generasjonar.

Men dette visste dei ikkje. Tvert om. Når dei planta gran, tenkte dei truleg nettopp på framtidige generasjonar. Dei skulle late etter seg gardane sine i betre stand enn då dei sjølve overtok dei. Barskog som kunne nyttast til tømmer og bygningsmaterialar, var det lite og ingen ting av i ytre strok på Vestlandet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement