Om moralisme og hybris i Tvedts bistandsanalysar

Sivile som har flykta frå det krigsherja Sudan.
Sivile som har flykta frå det krigsherja Sudan.

«Å redusere ein kompleks situasjon til eit spørsmål om norsk naivitet og ’godheitstyranni’ er ei grov forenkling.»

Publisert

I eit omfattande intervju i Dag og Tid 15. november diskuterer Terje Tvedt og Kaj Skagen det Tvedt meiner er grunnleggande feil ved norske tenkjemåtar. Utgangspunktet for samtalen er artikkelsamlinga hans, Norske tenkemåter – tekster 2016–2024. Tvedt kritiserer alt frå norsk bistand til Sør-Sudan, Noregs deltaking i krigane i Afghanistan, Libya og Ukraina, til pandemihandteringa og det grøne skiftet. Det er påfallande at Skagen, gjennom eit to sider langt intervju, ikkje stiller eitt einaste kritisk spørsmål.

Samlinga inneheld mykje kjent stoff, inkludert Tvedts drøfting av norsk bistand til Sør-Sudan, som Skagen løftar fram som eit hovudeksempel på Tvedts analyse av norske perspektiv. Denne framstillinga – eit sentralt kapittel i boka – har tidlegare blitt møtt med skarp kritikk frå Sør-Sudan-ekspertar som Bibiana Dahle Piene, Maren Sæbø, Ingrid Ofstad og Arve Ofstad. Likevel har Tvedt ikkje moderert eller revidert synspunkta sine. Kritikken mot Tvedt vert særleg problematisk fordi han sjølv verkar å mangle sjølvrefleksjon over eigen analyse, samstundes som han kritiserer norske aktørar for mangel på nettopp dette.

Det ligg ein tydeleg ironi i at Tvedt, medan han kritiserer norsk etnosentrisme, sjølv framstår etnosentrisk. Han hevdar at norsk bistand er prega av moralisme og «vestleg hybris», men illustrerer paradoksalt nok moralisme og hybris i eiga framstilling. Med sin bastante tone og si kategoriske avvising av kritikk speglar han den vestlege overlegenheita han sjølv meiner å utfordre.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement