Om ordentleg og ikkje ordentleg politikk i nord

Publisert

Politisk redaktør Skjalg Fjellheim etterlyste i avisa 14. juli ein ordentleg politikk for å utvikla Nord-Noreg. Han drog fram nordområdepolitikken som det fremste dømet på ein ikkje-ordentleg politikk. Eg meiner at han tok feil i omtalen av nordområdepolitikken, og at det også er erfaringar frå regionalpolitikken i nord dei siste femti åra som er ordentlege og vel verde å ta med seg.

Støre la fram nordområdepolitikken som Olav H. Hauge etter «Mange års røynsle med pil og boge»: «forstår pili som stend der og dirrar: Her er òg eit midtpunkt.» Mange viktige institusjonar i nord blei etter årevis med nasjonale nedvurderingar slike midtpunkt, ikkje minst det som i dag er UiT Noregs arktiske universitet.

Det fekk støtte til alle satsingar det ønskte, og kunne byggja ut det som var ein liten institusjon med i praksis ein regional misjon, til å bli ein viktig nasjonal institusjon med kunnskapsløysingar langt utover nord. Nordområdepolitikken var ordentleg politikk. At Støre-regjeringa, av alle, har overført denne politikken til Kommunal- og distriktsdepartementet forstår eg lite av. Men det fortel nok at ein igjen ser nord som ein utkant i Distrikts-Noreg.

Det er også fleire inntak til ordentleg politikk i den regionalpolitiske historia i nord. Desse er like lite konkluderte i dag som før. Tre tema har alltid vore viktige, særleg i Finnmark og Nord-Troms.

Kva er dei strategiske måla? På 1980-talet var det å skapa arbeidsplassar det sentrale målet. I dag ser det ut til at det viktigaste målet er å fylla eit arbeidskraftbehov som er skapt av at nord er attraktivt for ein del næringar globalt. Men også andre målsetjingar kjem stadig opp: Geopolitiske mål etter russiske trugsmål og Nato-utvidinga er eitt. Andre er reint demografiske, og vi har målsetjingar knytte til samanlikning med andre norske regionar.

Såleis kan det vera eit mål å stogga utflytting av andre generasjon av mobile nordlendingar, oftast til Oslo-regionen. Dette er unge kvinner med foreldre som flytta til Tromsø og Bodø, der den nye generasjonen flyttar kor som helst. Og kvifor skal ein ha sterke tiltak i Alta og Hammerfest når utviklinga der er som i tilsvarande kommunar sørpå? Slik konkluderte den siste evalueringa av tiltakssona. Poenget mitt er at måla styrer politikk, strategiar og verkemiddel, og ordentleg politikk er vanskelege når måla ikkje er klare.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement