Ord og handling

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Nikolaj Frobenius har sjølvsagt rett i at vi ikkje skal stole på alt Henry Oliver Rinnan uttalte under rettssaka mot han, og i at vi må leggje opp til eit breiast mogleg perspektiv i forsøket på å forstå handlingane hans (Dag og Tid 13. september). Romanforma opnar naturleg nok også opp for å tilpasse ei framstilling av eit kjent historisk førelegg «av fortellertekniske grunner», og å søkje «en dypere og bredere innsikt i ekstremismens menneskelige vekstgrunnlag» er utvilsamt eit prisverdig siktemål.

Mitt poeng er at når ein tonar ned ideologien så kraftig som det Frobenius gjer i si framstilling av Henry Rinnan, forsvinn eit vesentleg trekk ved nazismens kriminalitet, nemlig den usedvanleg radikaliserande og korrumperande effekten denne kompromisslause ideologien hadde. Spørsmåla Frobenius ønskjer å undersøkje med utgangspunkt i nazismen, kan ein difor ikkje svare tilfredsstillande på utan samtidig å sjå andre faktorar i samanheng med naziideologien og dei både gjensidig forsterkande og sjølvforsterkande kriminelle tendensane som då gjorde seg gjeldande.

Om Henry Rinnan var ein raudglødande nazist eller ikkje i juni 1940, er såleis ikkje det sentrale, men det faktumet at han frivilliggav si tilslutning til det politiske systemet nazismen representerte, eit system som premierte bruken av vald, og at gjerningsmannen sjølv la vekt på at valdsbruken blei utført for ei sak han trudde på av genuin overtyding. Samanhengen mellom ord og handling er difor ikkje uvesentleg.

At Rinnan i større eller mindre grad overdreiv si ideologiske overtyding som bakgrunn for desse handlingane, eller at denne overtydinga under rettssaka dels fekk preg av etterrasjonaliseringar, slik John Lyng hevda i si bok (der han i eit seinare tillegg karakteriserte Rinnans medarbeidarar, ikkje – som Frobenius hevdar – Rinnan sjølv, som «temmelig middelmådige – eller bent fram undermåls»), er likevel sjølvsagt mogleg.

Dette er spørsmål det kunne ha vore interessant å sjå handsama i ein roman. Eg meiner difor at det er uheldig at Frobenius snarare enn å diskutere dei inngåande, nærast avfeiar slike problemstillingar. Ved i så stor grad å sjå bort frå ideologiske faktorar og konteksten dei utgjer for Rinnans verksemd, går Frobenius glipp av eit litterært spelerom. I motsetnad til det Frobenius påstår, finn eg det samstundes korkje problematisk eller uinteressant «å se på andre forhold enn de rent ideologiske» – det er tilnærminga hans i dei enkelte tilfella eg reagerer til dels sterkt på.

Ikkje minst gjeld dette altså framstillinga av Rinnans tortur av Henry Thingstad, der forfattaren tillegg Rinnan skruplar gjerningsmannen sjølv ikkje gav uttrykk for, og ved å fjerne den ideologiske konteksten reduserer han også alvoret i den kriminelle handlinga. Reint sakleg endar Frobenius i døme som dette opp med å seie meir om seg sjølv enn om temaet han skriv om, og etisk blir tilnærminga her svært urovekkjande, ettersom ho opnar for ei grad av ansvarsfråskriving.

Legg så til at gapet mellom framstilling og historisk førelegg er såpass stort at fiksjonen ikkje framstår som truverdig, så blir resultatet litterært sett dessverre at Frobenius’ forsøk på dikting er lite overtydande.