På tide med eit paradigmeskifte?

Publisert

I Dag og Tid nummer 48 vert det skrive om autisme i artikkelen «Autismemysteriet». I dag er det «oppdaga» fleire som er autistiske. I artikkelen blir det retta i ei negativ vinkling. Dessverre verkar det som dette er typisk for norsk journalistikk. Autistar er leie av å bli sette i dette søkeljoset som å ha ei «nerveforstyrring» eller å vera eit problem.

Eg er sjølv med i ulike grupper på facebook for ADHD og autisme. Ei gruppe heiter «Forum for nevromangfold», og der vert det støtt og stadig diskutert om negative haldningar, lite forståing og hjelp på våre premissar, vi har ikkje behov for å bli «nervotypisk». Norsk journalistikk er heller ikkje hjelpsam.

Eg ønskjer eit meir heilskapleg syn på autismeomgrepet. Derfor skriv eg på vegner av meg sjølv og vonleg for andre autistar. Eg har også med meg litt hjelp og tilvising frå gruppa «Forum for nevromangfold».

I nevromangfald-gruppa blir eg blant anna fortald at «FHI og lignende har beskrivelser som bygger på patologiseringsmodellen». Og vidare: «Disse kildene kan jo for så vidt vise til at de må forholde seg til diagnosemanualen ICD-11», men hos FHI og andre «offisielle kanalar» tek dei utgangspunkt i ICD-10. Begge desse modellane er problematiske for nevrodiversitetsrørsla, spesielt den siste. Eg kjem derfor med tips til kjeldetilvising og kor ein kan starta. Eg vil nemne nokre alternativ: sosiale medium, journalistikk, podkastar og fagmiljø.

For å hente folk som sjølv «kjenner kor skoen trykkjer», kan ein følgje blant anna thespectrumgirl på instagram og neurodivergent_lou. Den australske psykologen Joey Lawrence er autist med ADHD. Ho er å finna på fleire sosiale medium.

Ein kan sjå på journalistikk frå andre delar av verda. For eksempel BBC-serien som går på nrk.no: Autisme – fra innsida. Frå science.org med tittelen «Autism rates are up, but is it really on the rise». Den australske avisa The Conversation med artikkelen «Australia’s rate of autism should be celebrated – but real-life impact, not diagnosis, should determine NDIS support». Det er podkastar, som Autismepraten med ein frå fagmiljøet og ei som er autist. Eller Autistisk skravlepodd.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement