«På vaklande føter»

Publisert

24. mars skriv Halvor Tjønn at Russland er «eit land på vaklande føter», og i redaktøren sluttar leiarartikkelen med desse setningane: «Militær opprusting dominerer no europeisk politikk. Slagordet «Rust ned!» har mista all kraft i lang tid framover.»

Og kven er fienden? Det er «det vaklande Russland»! Kvar har det vorte av logikken?

Putin er ein brutal diktator som gjer krigsbrotsverk. Han har øydelagt forholdet til ukrainarane for all framtid. I utgangspunktet ville halvdelen av dei høyra til Russland. Andre halvdelen ville ha ein ukrainsk nasjonalstat. Det er gamal nasjonalisme i Ukraina. Dei helsa tyskarane velkomne i 1941, men snudde fordi dei som slavisk folk vart brutalt behandla.

I 2014 skreiv Henry Kissinger i Washington Post at «Ukraina må være en bro mellom øst og vest». Og han tilrådde «finlandisering» i tilhøvet til Russland, som han meinte hadde legitime tryggingskrav. Dei fleste medlemene av Nato var òg imot medlemskap for Ukraina. Men dei ny-konservative, som fekk makta i USA, pressa igjennom lovnad om dét.

Og etter statskuppet i 2014 innførde den ukrainske regjeringa ein svært russiskfiendsleg politikk. Dette provoserte òg Putin og fekk han til å gjera kjempetabben sin. Russland var ikkje militært sterkt nok for «spesialoperasjonen» hans.

Moderne krig set store krav til kapasitet for våpenproduksjon, til dømes av missilar. Her er Russland fullstendig underlegent. Kan landet då, med ein svak økonomi, føra ein ekspansjonspolitikk som jamvel omfattar Sverige?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement