Petter Dass til Steilneset
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
I Dag og Tid nr. 4 argumenterer Ronny Spaans for «reisinga av ein ti meter høg bronsestatue av diktarpresten Petter Dass». Mindre kan ein ikkje gjera det. I Bergen står Edvard Grieg smålåten utanfor hallen sin, så kort som han var. Han var stor berre i musikken.
Må Petter Dass så høgt for å visa makta han hadde? Han var ein stor diktar, ingen tvil om det. «Herre Gud, ditt dyre navn og ære» er noko av det mektigaste me har i norsk litteratur. Men Petter Dass var mektig på andre måtar òg. Han var embetsmann, ei gruppe som hadde all samfunnsmakt på 1600-talet. Makta si brukte ikkje Petter Dass berre til det gode.
Eitt av Spaans sine argument for den heroiserande statuen er at Dass skildra nordlandskysten realistisk, og «fjerna alle uhyre og monster som fanst på gamle kart og tekstar om Nord-Noreg». Men det fanst andre uhyre. Dass var pietist, og fanatisk lutheranar. Katolisismen var fienden, ikkje berre djevelen. Bakom ruvar Luther, som såg på paven som sjølvaste antikrist. Eit vers i Dass’ «Katekismussanger» formanar bryskt: «See til du ey, som en Papist, Paa døde Helgen raaber.»
Og visst fanst det monster, trollkjerringar, som burde brennast på bålet. Bakom den vitlause heksejakta i Finnmark på 1600-talet stod ingen ringare enn finnmarkskjennaren kong Kristian IV, fanatisk lutheranar. Hans «Trolldomsforordning» frå 1617 blei opplesen i lokalsamfunna i Finnmark i 1620, noko som fekk fres på båla. Dei som hadde samband med vonde makter, skulle «straffes på deres Hals uden all Naade». Og det var nettopp slikt samkvem dommarane: futane, lagmennene, lensherrane pressa fram «tilståingar» om.
Som embetsmann utgjorde Petter Dass noko av bakgrunnen for desse prosessane. I det katolske Irland var det fire slike prosessar på 1600-talet, i Finnmark åleine over hundre! Det galdt å gjera kongemakta til lags skulle ein behalda jobben. Ein av dei hardaste lensherrane, skotten John Cunningham, hadde kongen som gjest i bryllaupet sitt. Somme dommarar var av dansk adelsslekt, og statistikken viser at dei var mest iherdige like etter utnemninga til lensherre. Slike folk var det vel då Petter Dass dedikerte «katekismussanger» til. «Du skal og uden al Forskiel udrydde slet af Land, / All’ Signe-Folk og Satans Træl / Og hver en Spaadoms Aand.» Han var innforstått med at «kloke koner» kunne hjelpa ved sjukdom. «Men at en Hex er viis og klog i Læge-Konst og Cuur,/ Det har hun af den sorte Bog,/ det vantroe Creatur.»
Ingen pardon altså, fordi om ein har gjort noko godt. Han verkar like nådelaus som kongen. Då Oslo brann i 1624, blei skulda lagd på «trollkvinner», kanskje passa det kongen godt at han fekk byen bygd opp att som Kristiania. I lokalsamfunnet var visst Petter Dass høgt verdsett. Skal det reisast endå eit minnesmerke over han, bør det likevel ikkje stå i Bodø, men på Steilneset i Vardø, ved sida av minnesmerket om dei absurde rettsprosessane som gjekk føre seg i Finnmark på 1600-talet. Han kjempa nok med troll.