Ordskifte I Økonomi
Rentekutt
Sentralbanksjef Ida Wolden Bache
Foto: Ole Berg-Rusten
Media med NRK i front tyt stadig vekk om rentekutt, som om det er eit like stort gode for samfunnet vårt som varmande solskin.
Det er vanskeleg å fri seg frå den tanken at dei som tyt om dette, snakkar ut ifrå sin personlege økonomi, det vil seie ikkje med tanke på samfunnet.
Heldigvis så har vi i Ida Wolden Bache ein sentralbanksjef som ser ut til å ha den ryggrada som trengst for å stå imot presset og vurdere ut ifrå samfunnets ve og vel. Det skal nemleg ikkje så veldig høg omdreiing på spekulatoren til før ein skjønar at det er nokon som tapar mykje på låg rente, til dømes pensjonistane, og nokre som tapar på høg rente, til dømes dei med høg bustadgjeld. Det vil seie at sentralbanksjefen skal, i tillegg til å stagge inflasjon, ved rentesettinga si vurdere kven i samfunnet som skal tape mest på kundeforholdet dei har til banken.
I 2021 tapte hushalda cirka 48 milliardar på innskota dei hadde i banken, mens dei vann cirka 22 milliardar på låna sine.
I 2024 tapte hushalda cirka 8 milliardar på innskota i bank, mens dei tapte cirka 33 milliardar på lån.
Dei som verkeleg tener på låg rente, er spekulantane som då kan skaffe seg bortimot gratis kapital som dei igjen kan investere i prosjekt med høg avkastning.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.