Retting og takk
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Takk til lesarane for stor interesse for og mange kommentarar til Langfjella-serien. Takk for ei retting òg. Om Lesjaskogsvatnet i del 2 (1. juli) skreiv eg diverre, og heilt unaudsynleg, at det er «einaste» bifurkasjonssjø i landet, det vil seie vatn med utlaup til båe sider av vasskiljet, i dette høvet Rauma mot vest og Gudbrandsdalslågen mot aust.
Fleire lesarar har gjort meg merksam på andre norske bifurkasjonssjøar. Johan Vaa frå Rauland nemner desse:
«1. Heisandtjønna, vest for Normannslågen. Denne rann opphaveleg både vestover til Veig og austover til Lågen. For at vatnet ikkje skulle renne til fjords utan å gjera gagns arbeid, blei det bygd ein liten sperredam. Når veit eg ikkje, men Nore kraftverk blei sett i drift i 1928, så etter det ein gong. Veig blei som kjent ikkje utbygd, så vatnet fekk lov til å renne austover også etter Eidfjordutbygginga
2. Tinnhølen renn naturleg til Bjoreio. Dette vatnet blei overført til Lågen i 1942, men attendeført vestover i 1980 for bruk i Sima kraftverk.
3. Skiftesjøen. Dette er eit par kilometer langt vatn straks nord for RV7. Det renn båe vegar den dag i dag.
4. Bjornesfjorden har tvo utfallosar. Den minste greina gjeng gjennom Langesjåen og møter sjølve Lågen om lag 20 kilometer nedanfor Lågaros.
5. Totak, som eg bur ved, har to utfallosar eit par kilometer frå kvarandre. Dei tvo elvane møtest i eit lite vatn 2–3 kilometer nedanfor osane. No er dei rett nok turrlagde, vatnet gjeng i tunnel og lagar straum ved Vinjevatn.»
Einar Uggerud frå Eiksmarka nemner Vingersjøen. Under overskrifta «Det finst fleire bifurkasjonssjøar i norske vassdrag» skriv han:
«Eg les reiseskildringane til Håvard Rem med glede, også den frå Lesjaskog i Dag og Tid 1. juli, men det er feil når han skriv i ingressen at det i heile landet berre finst éin bifurkasjonssjø: Lesjaskogsvatnet. Alle frå Kongsvingertraktane veit at det finst ein til: Vingersjøen (142,8 moh.). Til vanleg tener Vingersjøen mest som bakevje i Glomma, men ved flaum renn det også mykje vatn ut gjennom Vrangselva. (I Levi Henriksen si verd heiter Vrangselva Baklengselva.)
Vatnet frå Vrangselva endar til slutt i havet ved Göteborg etter å ha kvilt seg på vegen i Vänern, mens Glommavatnet når havet ved Fredrikstad. Nå vil kanskje lesaren seie at Vingersjøen ikkje er mykje til bifurkasjonssjø, når han berre er det ved flaum. Til det vil eg seie at Lesjaskogsvatnet først vart bifurkasjonssjø på 1660-talet, slik Håvard Rem skriv, då bygdefolket demde det opp i båe ender. Midt i vatnet finn ein det smale Bryggeoset, som vel seier sitt om korleis det var før oppdemninga. For den som vil leite vidare, syner det seg at det finst enda fleire døme på bifurkasjon i norske vassdrag enn Vingersjøen og Lesjaskogsvatnet.
Omgrepet bifurkasjon tydar gaffeldeling og vart mynta av matematikaren Henri Poincaré, og vert nytta i naturvitskapane, til dømes i kjemisk reaksjonsdynamikk.»