Ordskifte
Seks geopolitiske lærdommar
Ein mann viftar med eit Nato-flagg under ein demonstrasjon utanfor Det kvite huset på presidentdagen i Washington i februar. Foto: Kent Nishimura / Reuters / NTB
Foto: Kent Nishimura / Reuters / NTB
Dei siste dagars hendingar har gjeve oss høve til å halda opp ein spegel for oss sjølve. Me har vore vitne til rå stormaktspolitikk der USA som den dominerande stormakta i vår del av verda set til sides sine allierte og tyr til brutal makt, i tillegg til at ein kritiserer og blandar seg inn i europeisk politikk.
Her kan me trekkja ut ei rekkje lærdommar:
1. Noreg er sjølv fullt og heilt dominert av ei stormakt; forsvars- og utanrikspolitikken vår har i nesten 80 år vore underlagd den politiske dagsordenen, prioriteringar og kulturelle narrativ i USA, slik dei har endra seg frå tid til anna.
2. Stormakters interessesfærar er politiske realitetar som også Noreg har godteke så lenge me har vore underlagde USAs tryggleiksordning. Det bør ikkje forundra oss at andre stormakter, i tillegg til USA, har sine interessesfærar. Dei siste 30 åra, då heile verda har vore USAs interessesfære, har vore eit historisk unntak, ikkje ein regel.
3. Hendingane i det siste har til fulle vist at europeiske land og EU i praksis er amerikanske vasallar, ikkje i stand til å skapa fred eller hindra krig på sitt eige kontinent. Tryggleiksmodellen med eit ekspanderande Nato og eit Russland-ekskluderande Europa som basis for eit fredeleg Europa har feila.
4. USAs kritikk av europeisk politikk, og det europeiske ubehaget som me har vore vitne til på grunn av denne innblandinga, burde mana til større audmjukskap når politikarane våre vitjar andre land med pålegg om «å ta opp menneskerettar og mangelfullt demokrati».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.