Sjelesørgjaren til Quisling
Sjukehuspresten Peder Olsen spela av Anders Danielsen Lie.
Foto: Filmweb.no
I filmen Quislings siste dager ber sjelesørgjaren til Quisling på ei sterk skamkjensle over eit jødisk ektepar som har vore i dekning i husværet til familien. Men det får eg ikkje til å stemme.
Filmen Quislings siste dager av Erik Poppe var ikkje så seig som eg hadde frykta. Tvert om synest eg skodespelarane gjorde godt arbeid, og at dramaturgien var god. Men det var noko som skurra. Eit viktig dramaturgisk grep i filmen er at sjelesørgjaren til Quisling, sjukehuspresten Peder Olsen, ber på ei sterk skamkjensle over eit jødisk ektepar som tilsynelatande har vore i dekning i husværet til familien.
Eg har lese (og skrive) mykje om jødar i dekning og på flukt, men dette fekk eg ikkje til å stemme. At dette ekteparet (Abrahamsen, heiter dei i filmen) så vart arrestert og deportert, var eg òg skeptisk til. I mine undersøkingar var det få eller ingen jødar som vart arresterte medan dei var i dekning. Ein del jødar vart arresterte under flukta til Sverige, og eit ektepar vart til og med drepe av grenselosane som eigentleg skulle hjelpe dei.
Så eg måtte gå til boka Kruttårnet: farfars samtaler med Quisling av Håkon F. Høydal, barnebarnet til Peder Olsen. Var det nokon slik scene der? Ja, det var det. Også ei historie om jødar på eit loft. Forfattaren meiner det var Elias Lasnik og ein annan person. Høydal spekulerer sjølv på om det kan ha vore kona Dora eller dottera Kathe. Det kan ikkje stemme: Elias Lasnik vart, saman med fleire andre jødiske menn, arrestert i ein aksjon på sjukehusa i hovudstaden 25. november 1942. Kona Dora og døtrene Kathe og Anna Ester vart arresterte heime dagen etter og sende direkte til kaia til Amerikalinjen og skipet «Donau».
Slike framstillingar meiner sjølvsagt ein historikar ikkje er overtydande. Men med omsyn til hendingar som vert dramatiserte i ein film, kan eg likevel akseptere forteljargrep som gjer at sjåaren får eit større blikk på moralske og etiske dimensjonar, eller ei betre forståing av problemstillingar knytte til hendingane filmen viser til. Det finst mange gode eksempel på slike filmar.
Men historia om det påståtte jødiske ekteparet i dekning hos presten og familien spelar ei særskild rolle i filmen. Det ligg nær å sjå dette som eit sentralt tema. Slik vert det framstilt (i korte trekk): Ekteparet vart deportert, men presten og kona Heidi har bilete av dei. Skamkjensla vert uttrykt i uvissa om kva som har hendt med dei. I filmen vert dette først avklart då den seinare psykiateren Leo Eitinger vitnar i rettssaka mot Quisling. Det siste er i seg sjølv eit forteljargrep: Lagnaden til dei deporterte jødane var kjent lenge før rettssaka. Eitinger sjølv skreiv alt 30. mai 1945 i Aftenposten om lagnaden til dei deporterte jødane.
Kvifor dette forteljargrepet? Eg trur at skamkjensla til presten har vore viktig for filmskaparen. I ein sterk scene i filmen snur presten Quislings skuld på hovudet og seier at han òg er skuldig. Eg kunne ikkje heilt sjå denne samanlikninga anna enn som eit symbolsk uttrykk for vår kollektive skuld. Det skurra for meg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.