Ordskifte  I  Wokeisme

Skrømt og den liberale arrogansen

Florida-guvernør Ron DeSantis skriv under på ei ny lov, HB7, også kalla "stop-woke-lova" 22. april 2022.
Publisert Sist oppdatert

Antiwoke vert mistenkjeleggjort og dagsordenen deira framstilt som reaksjonær motstand mot «alt som er progressivt og liberalt, som ideen om at alle er fødde frie og like» (Dag og Tid nr. 9). Carline Tromp demonstrerer med slike påstandar at det ikkje er skrømt og skuggefiendar me kjempar mot. Det er høgst reelle motsetnader som me lyt diskutere i openheit.

Er me fødde frie og like? Til ein viss grad er me det, men me lyt balansere ei slik utsegn med at me òg er fødde innvovne med kvarandre, ulike og med forpliktingar. Me er menneske først og fremst ved at me er medmenneske. Me er like i tydinga med like rettar, men vi er òg ulike med forskjellige kompetansar og evner. «Demokratiet er avhengig av forskjellar, og vi er avhengige av at vi delegerer autoritet til dei som fortener tilliten vår», hevda den danske filosofen og etikaren Knud Ejler Løgstrup.

Det er i eit slikt perspektiv me må forstå woke og antiwoke. Liberaliteten har utvikla seg til ein aktør som har fjerna seg frå ein sosialliberal ståstad til ein liberalistisk ståstad der alt som er mogleg og ønskjeleg for den einskilde, vert ein rett som skal verte finansiert av fellesskapet.

  • Det offentlege finansierer kunstig inseminasjon til einslege mødrer og ein farlaus oppvekst for barn.
  • Ikkje-invasiv prenatal testing er innført sjølv om det ikkje er vist til gunstige helseeffektar for barn eller forelder.
  • Assistert sjølvmord og miskunndrap er på veg inn i partiprogramma.
  • Manipulerte barn ned til 12-årsalder får avgjerdsmyndigheit til å velje vekk ein forelder som har gitt dei omsorg og kjærleik.
  • Kjønn skal avgjerast av kva ein føler, og juridisk kjønn kan endrast ned til 6-årsalder.
  • Krenking i skulen vert avgjort av kva ein føler, utan objektive haldepunkt.
  • Grensa mellom sjuk og frisk har ikkje objektive, berre subjektive haldepunkt.
  • Dei som er ueinige i slike fenomen, vert sette på som mørkemenn og kansellerte.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement