Wokeisme
Skrømt på høglys dag
Lars Erik L. Gjerde har skrive boka «Wokeisme» og vart intervjua i Dag og Tid 14. februar.
Foto: Edvard Thorup / Dreyers Forlag
Dag og Tid 14. februar bringar eit intervju med sosiolog Lars Erik L. Gjerde, som har skrive boka Wokeisme. I saka er det ikkje heilt lett å bli klok på prosjektet. Kanskje kjem det av at journalisten vart «ør i hovudet», som ho skriv – eller fordi Gjerdes utsegner her er langt meir ulne enn i boka. Der skildrar han «wokeismen» som både totalitær, antidemokratisk og revolusjonær, med ein dagsorden om å «gravleggje det liberale demokratiet». Ikkje mindre!
Eg skal ikkje prøve å greie ut Gjerdes ord, men eg kan greie ut mine. I saka vart eg nemnd med eit sitat frå boka Tilbakeslaget (2023), der eg kallar «woke» eit «skrømt».
Det eg meiner, er at «woke» har vorte mant fram som ein trugsel av aktørar med svært ulike motiv. Ordet er brukt mykje i kritikk av campusaktivisme og kanselleringskultur, særleg i USA. Men dei som først byrja med kampen mot woke som ei politisk sak, var det autoritære ytre høgre – politikarar som erkekonservative Ron DeSantis i Florida, med ein «War on Woke» som mellom anna handlar om å avgrense kva lærarar kan snakke om, og Ungarns illiberale leiar Viktor Orbán, som har proklamert landet som ei «wokefri sone».
Med «woke» som felles fiende klarte ein å få bekymra liberalarar på lag med ultrakonservative og beint ut reaksjonære krefter. «Woke» kan nemleg romma alt av små og større irritasjonar og bekymringar: frå peikefingrar til bokbål, frå antirasistar til Greta Thunberg, frå transdebatt til kjønnskvotering. Men ein stor, sterk del av antiwokerørsla har heile tida brukt ordet som eit synonym for alt som er progressivt og liberalt. Som ideen om at alle er fødde frie og like.
Det er dette eg meiner med at woke er eit «skrømt»: Det er ein skuggefiende, mana fram for å skape panikk. Frykta for woke vart etter kvart så stor at mange kunne sjå gjennom fingrane med svært radikale motsvar. I dag svingar Trump og Musk motorsaga i den amerikanske staten under dekke av å redde han frå woke. Den indre fienden skal rotast opp.
Artikkelen i Dag og Tid er full av anekdotar om spinnville «wokeistar». Det går fint an å meina at identitetspolitikk er dumt, og at nokre aktivistar er klin galne. Men å leggje fram dette som ei slags skjult, revolusjonær maktovertaking, som Gjerde gjer i si bok om «wokeisme», er drygt og minner om djupstatfantasiane til Trump og co.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.