Skulen som slagmark

Med inntoget til fru Clemet og hennar hær fekk vi lærarane erfare at vår lange erfaring og vår fagkunnskap hadde null verdi, skriv den pensjonerte læraren Kirsten Evjen.
Med inntoget til fru Clemet og hennar hær fekk vi lærarane erfare at vår lange erfaring og vår fagkunnskap hadde null verdi, skriv den pensjonerte læraren Kirsten Evjen.

Ein må undre seg på kvifor ein skal halda fram med å utdanna dyre lærarar til skuleverket, det held vel lenge med ein dilettant?

Publisert Sist oppdatert

Kapitalistiske krefter skaper slagmark på område etter område der ein ser seg tent med å få stor uro. Konsekvensane av det kjenner vi alle i livet vårt, her treng ein ikkje nemne opp den lange rekkja som syner at det er sant – ingen nemnd, ingen gløymd.

Det området som fru Clemet bestemte seg for å slå ned på da ho fekk sjansen, hadde til ei viss grad framleis respekten for lærarar som fagfolk intakt. Med inntoget til fru Clemet og hennar hær fekk vi lærarane erfare at vår lange erfaring og vår fagkunnskap hadde null verdi, det var alltid ein dilettant av ein politikar som hevda seg «å sjå heilskapen», og den heilskapen fann dei i å få røynda i skulekvardagen til å stemma med sitt partiprogram.

Da dei same kapitalkreftene litt seinare opna opp for frisleppet av salskonsulentar frå Apple og Microsoft inn til alle små og store skulekontor, var grunnen bearbeidd med tvilen på at fagfolka i skulen kunne jobben sin, og kunne gjera han.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement