Skulepolitikken fungerer ikkje

Publisert

I løpet av 10 års skulegang er det ikkje vanskeleg å lære dei aller fleste norske barn og unge å kunne både lese og skrive ein samanhengande lengre tekst på norsk, eller for den del å kunne løyse nokså kompliserte matematikkoppgåver.

Rett nok er det slik at ein veldig liten del av elevane har spesifikke lese-, skrive- eller matematikkvanskar, og dei må naturlegvis få tilpassa opplæring slik at dei iallfall kan bli funksjonelle lesarar og skrivarar. Den store majoriteten av elevane treng derimot verken diagnosar eller tilrettelegging for å kunne bli kunnige i lesing, skriving og rekning. Dei treng heller ikkje smarttelefonar, nettbrett eller PC-ar.

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun synest å ha forstått iallfall noko av dette når ho vil fjerne smarttelefonar og nettbrett frå skulen, og erstatte dei med fysiske bøker. Sjølv vi som er godt vaksne, opplever telefonane og bretta som stortjuvar som stel både merksemd og tid både i arbeid og i fritid. Alle som kan tenke sjølv, forstår at det er endå vanskelegare for barn og ungdommar å vende merksemda mot faktisk læring all den tid dei har tilgang på sosiale medium på telefonar og nettbrett i skulen.

Derimot tek kunnskapsministeren grundig feil når ho synest å tru at ho kan forbetre norske elevars stadig dårlegare resultat i lesing, skriving og rekning ved å gjere opplæringa i fag som norsk og matematikk «meir praktisk, relevant og utforskande». Det som må til for å bli god i noko, er tvert imot spesifikk øving og mengdetrening. Dette veit alle trenarar og utøvarar innanfor idretten.

Alle som trenar barn og unge i til dømes alpint, veit at spesifikk øving og mengdetrening, med påfølgjande presise og spesifikke tilbake- og framovermeldingar, må til for at utøvarane skal utvikle seg. Dei unge er sjølvsagt heilt og fullt med på dette, fordi dei opplever at det gjer dei til stadig betre utøvarar. Slik var det også lenge i norsk skule, og då lærte dei aller fleste barn og unge seg både å lese og skrive ein lengre samanhengande tekst og å løyse nokså kompliserte matematikkoppgåver, innan dei var ferdige på ungdomsskulen.

I løpet av dei to–tre siste tiåra har det derimot snike seg inn ei førestilling mellom både pedagogar og politikarar om at ein så å seie kan leike seg til kunnskap og kompetanse, berre ein gjer «læringa» interessant og relevant nok for elevane, mellom anna ved å gi dei nettbrett og praksisnær opplæring. Dei nedslåande resultata av denne skulepolitikken ser ein både av Pisa-undersøkingar og mange andre internasjonale studiar. Det fungerer rett og slett ikkje. Tvert imot, elevane presterer berre svakare og svakare.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement