Skumring for gudane i Noreg
Bygget som husar Efta-domstolen.
Foto: Jonas Berge / NTB
Det er teikn på at den norske regjeringas feilpraktisering av EØS-avtalen går mot slutten. Ein meir rettvis orden kan utvikle seg.
I norrøn mytologi er skumringa til gudane den heilt avgjerande kampen mellom det gode og det vonde – den siste kampen der dei fleste vil døy. Det fører til den gamle verdas undergang. Ei ny verd veks fram.
1. januar 1994 vart avtalen om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet gjeldande for EU og dei tolv medlemslanda på den eine sida og dei fem Efta-statane Finland, Island, Noreg, Austerrike og Sverige på den andre sida. 1. januar 1995 vart Finland, Austerrike og Sverige med i EU. Sidan 1. mai 1995 har Efta-søyla i EØS bestått av dei tre statane Island, Liechtenstein og Noreg.
På grunn av størrelse og økonomisk styrke kan Noregs posisjon i Efta samanliknast med ei supermakt. EU voks til 28 statar. Etter brexit vart talet 27 statar.
EØS-avtalen utvida EUs indre marknad til å inkludere dei tre Efta-statane, med unntak av felles politikk på områda utanrikshandel, landbruk, fiskeri, skatt og valuta. Kjernen i den indre marknaden er den frie rørsla av varer, personar, tenester og kapital. Vidare har Efta-domstolen, slik det også er med EU-domstolen, anerkjent eksistensen av grunnleggjande EØS-rettar. I tillegg kjem ei felles konkurranse- og statsstøttepolitikk og harmonisering av store deler av sekundær økonomisk rett.
Liberaliseringsspørsmålet
Aktørane i ein marknad er dei som skaper rikdom: produsentar, tenesteleverandørar, arbeidarar, handelsmenn, forbrukarar, finansfolk med fleire. Efta-domstolen har understreka dette i sak E-10/14 Deveci. EØSs grunnleggjande fridomar og rettar kan avgrensast i einskildtilfelle, men slike avgrensingar må ha eit legitimt formål og vere forholdsmessig. Det siste betyr at dei må vere hensiktsmessige og nødvendige for å oppnå det ønskte formålet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.