I Dag og Tid fredag 10. mars 2023 har Siri Helle eit innlegg om høge leigeprisar som gjer det vanskeleg å vere leigetakar. Ein får inntrykk av at ho meiner det er huseigarane som er ansvarlege for at leigeprisane er så høge, og ho foreslår mellom anna at ein kan sette tak på husleigeauke. Eit slikt tak vil i liten grad monne.
For å forstå dei skyhøge leigeprisane, som er eit problem både for leigetakaren og huseigaren, må ein sjå på skattepolitikken. Dette blir best utdjupa ved å gi eit realistisk eksempel på eit utleigeforhold:
Ei sjølveigarleilegheit på 180 kvadratmeter på Frogner i Oslo blir av skatteetaten taksert til 14 millionar kroner. Formuesskatten blir då 140.000 kroner. Dersom husleiga per månad er 20.000 kroner, blir årleg, brutto leigeinntekt 240.000 kroner. Med fellesutgifter på 70.000 kroner per år og eigedomsskatt på 17.400 kroner, blir leigeinntektene 152.600 kroner og skatt på leigeinntektene 33.572 kroner. Skatt til staten og kommunen blir totalt 190.972 kroner, og huseigar får eit underskot på 20.972 kroner. Husleiga blir i dette høvet for lita til at utleigeforholdet går i balanse.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.