Kommunikasjon
Slottet held tilbake opplysningar
Det kongelege slottet i Oslo.
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Den fjerde statsmakta sin viktigaste funksjon er å avdekke kritikkverdige forhold.
Men kva skjer når ordenskanselliet nektar å gje innsyn i det som ein stort sett vil måtte tru er positive opplysningar om innbyggjarar som har fått tildelt påskjønningar i form av medaljar?
Underteikna skulle skrive om ein person som har fått Kongens fortenestemedalje i gull, og gjekk optimistisk inn på Slottets nettsider for å finne «tre linjer» om kva som var hovudgrunngjevinga for at medaljemottakaren hadde fått tildelt heideren.
Men på sidene finst det inga systematisk grunngjeving om kvifor tusenvis av medaljemottakarar har fått nettopp «sin» einskilde medalje.
Eg sende e-post til kansellisjef Mette Tverli og skreiv at eg håpa dei kunne lage ein fjerde rubrikkplass for folk flest. For, som eg la til, det hadde vore praktisk om også grunngjevinga var offentleg tilgjengeleg – ikkje berre namn, medaljetype og årstal.
Eg må like fullt vedgå at eg vart «litt betutta» då svaret eg fekk frå ordenskanselliet var følgjande: «Vi gir ikke innsyn i medaljesaker.» «Dokumentene i sakene er unntatt offentlighet», skriv dei.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.