Snorking er ille, apné er verre
Kronikk
Partnaren vekker deg med eit bebreidande blikk: Du heldt meg vaken med snorkinga di! Heile natta! Ikkje faen, tenker du kanskje. Seier det òg. Men i våre dagar skal du ha takk – partnaren har videobevis!
Nattleg lydforureining er éi sak, partnartrøbbel ei anna, men verre er det om du attåt snorkinga også har nattlege pustestopp. Dette heiter søvnapné. Om du har fleire enn fem stopp i timen og er trøytt på dagtid, har du søvnapnésyndrom, eller snorkesjuke. Sjølve snorkelyden kjem av turbulens i luftvegane, pustestoppen får du når luftvegane kollapsar.
Barn kan ha søvnapné. Den vanlegaste årsaka hjå dei er forstørra falske mandlar (sit bakarst i nasesvelget) eller store, vanlege halsmandlar. Hos vaksne er det ofte fleire årsaker til apnéane: aukande kroppsmasse med alderen (feittet legg seg også rundt luftvegane), tronge naseholer, kroniske sjukdommar, sløvande medikament eller alkoholbruk.
Det vart aukande merksemd om snorking og søvnapné for ein del år sidan, da ein hadde tru på at eit nokså enkelt kirurgisk inngrep kunne vere effektivt mot snorking hos vaksne. Ein fjerna drøvel og ofte halsmandlar med. I mange høve vart drøvelen operert ut hjå ein vaken pasient, under lokalbedøving. Etter nokre år vart det klart at effekten var forbigåande hos dei fleste, og offentleg finansiering av denne kirurgien forsvann. Men ikkje før somme kirurgar hadde tent seg søkkrike på det ein trudde var eit godt, lydreduserande inngrep.
Samstundes med denne kirurgi-euforien vart det òg satsa på utgreiing og diagnostikk av søvnapné. Ei vanleg utgreiing inneber i våre dagar fysisk undersøking hos lege og påfølgande nattleg registrering av søvnmønsteret med spesialutstyr. Utstyret har ein viss grad av eigen intelligens. Det produserer ein rapport om talet på apnéar i timen, og snorketid i prosent av natta. Her kan ein ennå ikkje lita fullt og fast på kunstig intelligens, resultata må tolkast av eit menneske med greie på slikt. 5–15 pustestopp i timen er mild søvnapné, 15–30 moderat og over 30 apnéar i timen er alvorleg søvnapne. Dei fleste av dei som møter til slik utgreiing, er også dagtrøytte, og får diagnosen søvnapnésyndrom om dei overstig fem apnéar i timen. Vi trur at apnéane tar bort den djupe søvnen, ein ligg i vasskorpa og vaker, og det vert heller ikkje nok tilførsel av oksygen til kroppen.
«Den kirurgiske entusiasmen er betydeleg redusert sidan euforien på 1990- og 2000-talet.»
Alvorleg søvnapné aukar risikoen for sjukdomar i hjarte- og karsystemet og kortar livslengda. Til dette kjem òg nedsett funksjonsnivå med trøyttleik på dagtid. Her set vegtrafikklova strenge helsekrav: Om du er dagtrøytt og søvnregistreringa syner meir enn 15 apnéar i timen, må ein legespesialist vurdere om du er skikka til bilkøyring. Her kan det ligge ubehagelege overraskingar på lur for dei som lèt seg søvnregistrera. Rett nok kan du behalda førarkortet om du får rett medisinsk handsaming, men ein del yrkessjåførar har nok vakna til ein juridisk bakrus etter utført søvnregistrering.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.