Stalin og Vest-Europa

Publisert

I Dag og Tid 31. mars spør Hallvard Hegna meg om det var målet til Stalin å erobra Vest-Europa etter den andre verdskrigen.

Spørsmålet er interessant. Det korte svaret er at me ikkje veit. Dei sovjetiske troppane stod sommaren 1945 midt i Tyskland. Dei kontrollerte Polen, Tsjekkoslovakia, Ungarn, Romania og Bulgaria. Finland var innanfor den sovjetiske sona. Sett bort frå at Stalin ikkje hadde kontroll over Alaska, var imperiet hans like stort som under tsarane midt på 1800-talet.

På denne måten hadde Stalin sikra det som dei siste 500 åra har vore målet til alle herskarar i Moskva og St. Petersburg: Utanfor det russiske kjernelandet, som ligg mellom Uralfjella og ei line som går frå Finskebukta til Azovhavet, kontrollerte diktatoren ei lang rekkje med land og nasjonar. Fordi målsetjinga var å sikra det russiske kjernelandet, blei nær sagt alle grannelanda (med unnatak av Noreg, som i 1945 var i den britiske sona, og som i 1949 kom seg inn i Nato) haldne som liveigne slavar. Dette systemet levde heilt fram til Mikhail Gorbatsjov kom til makta. Han fortalde dei austeuropeiske vasallane at dei ikkje kunne ropa på sovjetiske tanks den dagen dei fekk problem med eige folk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement