Staten som bombar narkotikapolitiet
Foto frå ei gravferd etter tyrkiske luftåtak mot kurdarar i den nordsyriske landsbyen Al-Malikiyah i fjor.
Foto: Baderkhan Ahmad / AP / NTB
Etter Hamas-angrepet på Israel 7. oktober er American Colony, det tradisjonsrike og trivelege «journalist-hotellet» i Jerusalem, igjen fullbooka. Redaktørane vil ha nytt frå Gaza-krigen. Erfarne journalistar utfører livsfarleg, men nødvendig arbeid.
Ukrainas forsvarskamp når sjeldnare fram til førstesidene. Andre krigar blir knapt nemnd.
Sist veke skreiv Cecilie Hellestveit at Nato-landet Tyrkia er «i gang med sin største militære operasjon mot kurdiske grupper i Syria nokosinne». Bombene fell kvar dag. Tyrkia har trappa opp terroriseringa av dei som bur nær dei tyrkisk-okkuperte områda i Syria. Krigsmetodane liknar Israel: Vassforsyning, elektrisitetsverk, skolar, helsestasjonar og sjukehus er bombemål. Tyrkiske dronar er treffsikre.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.