Strøksnes og samane: ei opprydding
Faksimile frå Dag og Tid 24. mars 2023.
Det er prisverdig at Dag og Tid publiserer om samisk historie og samerett over fleire sider og nummer, men for framtida oppfordrar vi redaksjonen til å oppsøke folk med fagutdanning i slike tilfelle.
Vi har lese første del av manifestet til Morten Strøksnes om samanes plass i Noreg (24. mars 2023) og funne så mykje å kommentere og korrigere at spalteplassen på ingen måte strekkjer til for å svare ut alt, men her kjem nokre punkt:
Er Sápmi kolonisert av Noreg?
Strøksnes liker ikkje at det er blitt vanleg å kalle Sápmi for «kolonisert» av Noreg. Han undrar: Betyr det at nordmenn «ikkje høyrer heime i dette landskapet»? Strøksnes treng ikkje bekymre seg. Når «kolonisert» er nytta om Sápmi, er det knytt til at andre folkeslags statar har stykka opp landområda der samane budde, fordelt dei mellom seg, og ført politikk som braut ned samisk identitet, kultur og samfunn. Å seie «Sápmi er kolonisert» er altså ikkje å seie at nordmenn er uvelkomne, det er å beskrive dei historiske og notidige maktforholda mellom samane og statane.
Samane – sin eigen smeltedigel
Strøksnes framstiller Nord-Noreg som ein stad der menneske av ulikt «blod» har møtst, og der ingen er av «rein samisk eller norsk rase». Fokuset på blod og rase er merkverdig. Meiner Strøksnes at etnisitet er det same som genetisk bakgrunn? Då er vi nok ikkje samde: Etnisitet er først og fremst identitet, kultur, samfunn. Samekulturen har ikkje innvandra frå nokon stad til Sápmi, han har oppstått der som resultat av innvandring og påverknad frå mange stader over svært lang tid – eit blandingsprodukt, som alle andre kulturar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.