Studiekompetanse = utdanning og danning
I ein kommentar til innlegget vårt om opptak til høgare utdanning gir professor Bjørn Kvalsvik Nicolaysen langt på veg støtte til fleire av synspunkta våre (Dag og Tid 3.5.). Det er likevel uklart om han held fast på at opptaksprøve bør bli hovudvegen til høgare utdanning, noko vi meiner er eit feilsteg. Vi ser det derimot som positivt at Nicolaysen legg vekt på behovet for å forsterke samspelet mellom høgare utdanning og den vidaregåande skulen.
Vi vil her framheve følgjande:
1. I staden for å innføre opptaksprøver til høgare utdanning må ein styrke den studieførebuande rolla til den vidaregåande skulen. Dette må innebere solid vekt på grunnkunnskap i sentrale fagområde, slik Nicolaysen etterlyser. Samstundes må elevane møte arbeidsformer som gir studietrening. Like viktig er det at dei blir samfunnsorienterte og fagleg nyfikne. Skulen skal både gi utdanning og danning. Ex.phil. er på det næraste avvikla, og frå fleire hald blir det stadig spurt om det er nødvendig med all denne allmennkunnskapen for å vere studieførebudd. Forslaget om å erstatte generell studiekompetanse med opptaksprøver føyer seg inn i dette.
2. Universiteta må satse meir på lektorutdanninga. Vi ser ein tendens til at universiteta flyttar ressursar frå den praktisk-pedagogiske utdanninga (PPU) til den femårige masterutdanninga, mellom anna for å leve opp til det politiske ønsket om rask gjennomstrøyming. Det er den disiplinbaserte lektorutdanninga med PPU som er best eigna til å fylle behova i den studieførebuande utdanninga. Då får det våge seg at studietida blir litt lengre.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.