Studieopptak og skulifisering

Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik meiner det er nødvendig å styrke den vidaregåande skulen si studieførebuande rolle.
Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik meiner det er nødvendig å styrke den vidaregåande skulen si studieførebuande rolle.

Statsråden gjer rett i å avvise opptaksprøver som hovudveg til høgare utdanning.

Publisert Sist oppdatert

Professor Bjørn K. Nicolaysen skriv mykje forstandig om dei nye reglane for studieopptak i Dag og Tid 12. april. Han kritiserer med god grunn «gjennomstrøyming» som eit overordna mål for utdanningspolitikken, både i høgare utdanning og i vidaregåande opplæring. Dessverre bommar han i konklusjonen når han foreslår opptaksprøver, som attpåtil skal vere fakultetsspesifikke.

Vi er kritiske til fleire av forslaga både i opptaksmeldinga og profesjonsmeldinga. Men statsråden gjer rett i å avvise opptaksprøver som hovudveg til høgare utdanning. Han grunngir dette både med at det er ei tungvint ordning, og at det vil skape ein ny marknad for kjøp av «opptakstrening». Karakterar har sine svake sider, men dei alternativa som har vore framme i debatten, har endå fleire manglar.

Ein del av forslaga vil etter kvart ytterlegare undergrave den vidaregåande skulen si rolle som studieførebuande instans. I snart 150 år har den vidaregåande skulen forvalta rolla som den viktigaste studieførebuande institusjonen. Denne oppgåva har lenge vore under press. I mange år har debatten vore prega av lettvinte forslag om å svekke krava til studiekompetanse.

Nicolaysen har nok dermed rett i at «vidaregåande ikkje lenger førebur godt for universitetsstudium». Han meiner også at overgangen frå vidaregåande til universitet ofte er «sjokkerande». Her kan det leggast til at det heller ikkje er vanskeleg å finne døme på at også overgangen frå studentliv til arbeidsliv er sjokkerande.

Den siste tidas «statsrådsstryk» har dessutan illustrert at høgare utdanning har mykje å stri med, og mykje å rydde opp i.

Det er likevel verdt å ta med at mange unge er godt rusta til lange studium og klarer seg svært bra. Men som statsråden har vore inne på i ein del samanhengar: Den store studentveksten «betyr noko for kvaliteten». Dette gjeld også for dei studiespesialiserande utdanningane i vidaregåande, der kravet om gjennomstrøyming er minst like stort som i høgare utdanning.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement