Svakt frå Agenda
Statsminister Jonas Gahr Støre på strategikonferansen til Arbeidarpartiet i november 2023.
Foto: Frederik Ringnes / NTB
At Ap gjer det dårleg, kan ha med heilt andre grunnar å gjere enn at folk vert meir opptekne av seg sjølve.
Akademikarane har fått Respons Analyse til å kartleggja korleis akademikarar røystar. Berre 14 prosent av respondentane ville ha røysta på Arbeidarpartiet (Ap) ved neste val. Dag og Tid freista førre vekke å forstå meir om kvifor. Pernille Ekornrud Grøndal intervjua rådgjevar Tiril Rustad Halvorsen i Agenda. Svara til Halvorsen gjev lite von for Ap.
At Ap gjer det dårleg, kan ha med heilt andre grunnar å gjere enn at folk vert meir opptekne av seg sjølve og gløymer «at vi er avhengige av eit fellesskap for at samfunnet skal fungere», slik Halvorsen hevdar. Tvert om kan det tenkjast at Ap gjer det dårleg fordi akademikarar ikkje likar eit meir radikalt Ap, men at SV framleis gjer det bra (16 prosent), tyder på at det er ulike faktorar som peikar i fleire retningar.
Det er vanskeleg å seia noko eintydig om kvifor akademikarar stemmer som dei gjer. Men å hevda at dei som stemmer annleis enn ein sjølv ville gjort, er egoistar, held ikkje. For Ap veit – vonar eg – at dei treng fleire røyster. Då er det ikkje lurt å seia at dei som kan hende røystar Ap på ein god dag, er egoistar om dei røystar Høgre.
I tenkjetankar treng vi ikkje røyster. Det gjer at vi kan tenkja høgt, slik Halvorsen gjer. Om tankane hennar gjer oss mykje klokare, er eg litt i tvil om. Halvorsen snakkar som om fellesskap er det same som ein stor offentleg sektor.
Meir moderate – både til venstre og høgre – ser at fellesskapa som skal til for at samfunnet skal fungera, er mykje meir enn offentleg sektor. Dessutan er offentleg sektor svært stor under høgrestyre i Noreg, særleg under Erna Solberg. Det siste er det gode samfunnsøkonomiske og maktmessige grunnar til å kritisera.
Ein for stor offentleg sektor kan komma i vegen for sivile fellesskap. KrF-ideolog Erik Lunde har skrive ein kritikk av det norske sosialdemokratiet og statsindividualismen i boka med den treffande tittelen Sammen er vi mer alene.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.