Svar til Holtet
Ein demonstrant skriv slagord på den ulovlege muren Israel har bygd på Vestbreidda, med krav om lauslating av palestinske fangar.
Foto: Nils-Inge Kruhaug / NTB
Reidar Holtet skreiv eit innlegg i denne avisa 1. september etter å ha lese eit intervju med meg, der eg omtala eit israelsk angrep på flyktningleiren Jenin på Vestbreidda i sommar. Ifølgje Holtet manglar eg både «innsikt og integritet», og eg har «sterk binding» til Palestinakomiteen, fremfor Høgskolen».
Eg er tilsett som fagperson på NLA Høgskulen, der eg underviser i interkulturelle studium, ofte tema som menneskerettar og migrasjon. Doktorgraden min frå Universitetet i Bergen handlar om FN og det palestinske flyktningspørsmålet, og eg har hatt Palestina/Israel som fagfelt i 20 år.
Som forskarar har me metodar me bruker for å vere systematiske, transparente og etterrettelege. Forsking som bygger på truverdige kjelder og fagfellevurdert litteratur, representerer ikkje ein ideologisk ståstad. Det er forsøk på å representere fakta så godt som mogleg. Men me har alle ein ståstad, og det normative grunnlaget mitt, målestokken eg analyserer summen av fakta ut frå, er dei universelle menneskerettane.
Dei moderne menneskerettane blei utvikla som ein respons på tragediane under den andre verdskrigen, og særleg det industrielle folkemordet av jødane. Heilt sentralt i dette systemet er FNs Verdserklæring frå 1948 som slår fast at menneskerettane er for alle, uavhengig av rase, religion, kjønn, språk, politisk tilhøyrsle, nasjonalt eller sosialt opphav og så bortetter. Folkeretten er ein annan internasjonalt anerkjend vegvisar for korleis statar skal oppføre seg.
Folkeretten gir statar rett til å forsvare seg, men ikkje uproporsjonalt eller for å oppretthalde okkupasjonen. Den same Folkeretten anerkjenner motstand mot ein illegal okkupasjon så lenge sivile ikkje blir ramma. Israels antiterrorretorikk har legitimert ein brutal respons på mange former av palestinsk mobilisering, frå fredeleg til valdeleg motstand, og landet bryt ofte pliktene sine som okkupasjonsmakt.
I fjor blei 54 palestinske barn og eitt israelsk barn drepne. Dei aller fleste palestinske barna blei skotne av den israelske hæren, ifølgje FN. Kvart år blir mellom 500–700 palestinske barn ned til 12-årsalderen varetektsfengsla og straffeforfølgde i israelske militærdomstolar. Dei får ofte ikkje vite kva dei er tiltalte for, tortur er utbreidd, og barna har små sjansar i ein militærdomstol der 99 prosent blir dømde skuldige.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.