Svar til kritikarar
Reinflokk i Kautokeino.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
1. Til Astri Andersen og Kirsti Strøm Bull:
Sist helg stod det fleire debattinnlegg på trykk i Dag og Tid som polemiserer mot mitt essay om «Det norske og det samiske». Det lengste er skrive av Astri Andersen og Kirsti Strøm Bull (AAKSB). Dei skriv at dei skal sjå nærare på nokre av påstandane, men «må la mange ligge fordi de er for omfattende».
Om dei verkeleg hadde dårleg plass, burde dei kanskje disponert plassen betre. For mange av påstandane deira er vranglesingar. Fleire plassar er det heilt openbert at eg meiner det motsette av det dei påstår. Det skjer alt i første avsnitt: «Strøksnes fremhever flere steder at samene innvandret til Norge; samer og kvener ‘fra° Sverige og Finland [...] slo seg ned i Noreg sa° seint som pa° 1700- og 1800-talet’. Skal dette forsta°s slik at de ikke hørte til?» Nei, sjølvsagt ikkje. Det var derfor eg til dømes skreiv: «Etter mange tusen år er sjølvsagt alle heime for lenge sidan.» Her var det snakk om seinare innvandringsbølger, openbert. Etter mitt syn høyrer alle som er borgarar i Noreg, heime i landet, sjølv om dei fekk statsborgarskap i går.
Ein del av det som AAKSB skriv, er nyanseringar og tilleggsopplysningar til det eg skriv, til dømes nyansar rundt koloniseringa av Finnmark.
AAKSB lèt som eg underkjenner reindrift fordi dei brukar sekshjulingar, helikopter, crossyklar, snøskuterar og dronar. Dei siterer dette frå meg: Kanskje er det «paradoksalt at ein urfolksaktivitet skapar sa° mykje støy, forureining og naturskade». Kvifor siterer dei ikkje setninga rett før, der det står: «Det er sjølvsagt at samar tilpassar seg og nyttar moderne teknologi i reindrifta»? Spørsmålet er retorisk meint.
Kva er det eigentleg AAKSB reagerer på her? Sjølvsagt har mekaniseringa av reindrifta hatt mykje å seie for reindriftskulturen. Eg siterer ein reindriftssame som forklarer korleis han har opplevd mekaniseringa: som framandgjerande med tanke på nærleiken til naturen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.