Systemtvang

Publisert

I leiarartikkelen 28. april skriv Svein Gjerdåker at vi treng eit levedyktig og godt landbruk. Men har Gjerdåker følgt med? Dei fleste bygder er i dag utarma, sidan gardane er nedlagde. 200.000 bruk i drift i 1950 er redusert til rundt 35.000. I 1953 fekk bøndene forhandlingsrett med staten for prisar og tilskott. Målet var å løfte bondeinntekta til nivå med ein lønsarbeidar.

Etter 70 år med jordbruksforhandlingar er fasiten at gjennomsnittsinntekta i næringa er vel 200.000 kroner. Systemet har med andre ord spelt fallitt. Likevel held pressa fram med å omtale avtaleinstituttet som unikt og verneverdig.

Etter siste krig fekk Gerhardsen i stand semje med Bondelagets leiar Arne Rostad om at bøndene skulle få innverknad på prisane, medan talet på bønder skulle kraftig ned, den såkalla strukturrasjonaliseringa. Utruleg nok har denne tenkinga rådd grunnen fram til i dag.

Desimeringa av bøndene som yrkesgruppe har skjedd ved hjelp av jordbrukstingingane. Vi fekk eit opprør ved Hitra-aksjonen i 1975, deretter freistnader frå eit vitalisert Småbrukarlag på å få endringar, men stort sett har denne avviklinga av jordbruket som bygdenæringa gått roleg for seg. Bondelaget har stått som sjølve garantisten og har halde medlemmene i ro. Stortinget har toa sine hender og fråsagt seg ansvaret: Det staten og bøndene vart samde om, kunne ikkje rørast.

I 2009 tok Riksrevisjonen eit oppgjer med jordbrukspolitikken, ved å peike på at dei kollektive måla for næringa trekt opp av nett Stortinget ikkje var nådde. Det galdt spreidd busetjing, kulturlandskap, sjølvberging, miljø. Men Stortinget ville ikkje ha slik innblanding. Jordbruksavtaleinstituttet var no som før unikt og noko ingen andre hadde. Det var heilagkåra.

Maktutgreiingane på 70-talet brukte omgrepet segmentering om den teknokratiske eliten som hadde makta i jordbruket. Byråkratiet i staten saman med toppane i jordbruket utgjorde eit oligarki med suveren ekspertise og kontroll med hendingane. Politikarane abdiserte.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement