Tamrein og Fosen

Reinsdyr vandrar rundt vindturbinane på Storheia vindpark på Fosen.
Reinsdyr vandrar rundt vindturbinane på Storheia vindpark på Fosen.
Publisert

«Byggjer Fosen-domen på ei lygn?» Slik spør professor emeritus Torstein Storaas i Dag og Tid 21. april. Han har forska på elgpåkøyrsler og tiltak for å halde elgen unna bilar og tog. Truleg er det like eins med rein som med elg, skriv han og undrast på om dei fagfolka som har gitt Høgsterett råd, har late seg styre av ideologi og ikkje av fakta.

Eg som skriv dette, har ikkje eigne røynsler med tamrein, men har bak meg eit yrkesliv med andre husdyr, geit og sau. Det har gitt meg ein lærdom som gjeld alt dyrehald, at me først og fremst må ta omsyn til dei mest sårbare dyra og dei mest sårbare periodane i dyras liv. Aller mest har det å gjere med forplanting. Utan fødslar og nye dyr hjelper det så lite om dei mest robuste greier seg.

I drektigheitstida, under fødslar og med ansvar for avkom kan uvanlege hendingar som fly som bryt lydmuren, hundar på villstyr eller brå maskinstøy føre til stress og risiko for abortar eller feilstillingar og vanskelege fødslar eller døde foster. Omsorgsfulle småfehaldarar bruker ikkje nyttårsnatta til å skyte opp rakettar eller skråle godt nytt år saman med andre festglade, men går i fjøset, slår på lyset, gir dyra litt ekstra mat og pratar roleg med dei, slik at dei ikkje blir stressa opp av smella og lysglimta.

Når dyra går i stor flokk, føler dei seg trygge. Møter du til fots eller med sykkel eller bil ein stor saueflokk på veg til eller frå sommarbeite, vik dei knapt nok unna. Men ser du ei einsleg søye med lam, føler dei seg utrygge og trekkjer vekk.

Då vinterbrøyting av fjellvegar vart vanleg i mitt heimeområde for nokre tiår sidan, såleis bilvegar over Hardangervidda, åtvara mange naturengasjerte menneske mot at trafikken ville øydeleggje for villreinen. Reinen reagerer lite på bilar, innvende ivrige utbyggjarar og dokumenterte med bilete av villreinflokkar tekne frå bilvindauga. Men før kalvinga dreg simlene åleine til dei mest bortgøymde områda så langt unna bilar, snøskuterar og skigåarar som råd. Der kan kalvinga skje uforstyrra og utan at mor og avkom kjem frå kvarandre.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement