Tausheit er ikkje alltid gull

Hovudgarden, Universitetet i Tromsø.
Hovudgarden, Universitetet i Tromsø.
Publisert

Det treng ikkje vere eit godt teikn at ingen snakkar om Midtausten rundt lunsjbordet. Tausheita om betente spørsmål kan komme av at ytringsrommet har kollapsa.

Væpna med orda om «den kompakte majoritet» gjekk Ibsen i rette med tanken om at «allmenheten er best tjent med de gamle, gode, anerkjente tanker den allerede har», som byfogden seier det i En Folkefiende. 140 år etter omtalar ekspertgruppa om akademisk ytringsfridom «konformitetsskapende mekanismer».

Når praten stilnar om det vi alle ser og høyrer i nyheitsbildet, kan det hende at for mange rundt bordet ikkje lenger stolar på aksepten for det ueinsarta eller trur vi kan bruke samtalen til å søke meir innsikt. I så fall er ytringsrommet i ferd med å kollapse, fordi ein, to eller alle dei fire veggane sig saman. Akademia har då eit særleg ansvar for å halde ytringsrommet ope og utfordre dei «gamle, gode, anerkjente» tankane til Ibsens byfogd.

Den første veggen i ytringsrommet er evna den enkelte av oss har til å vurdere ytringar og informasjon frå andre på ein kritisk og systematisk måte. Derfor står kjeldekritikken, kjeldetilvising og metodefaget sterkt i all akademisk verksemd. Frå første førelesing på eit universitet skal studenten øvast i å finne og grunngi metoden som er eigna til å svare på forskingsspørsmål. Slik blir studenten også bevisst på at metoden som andre har brukt for å komme fram til ny innsikt, har påverka resultatet. Ut frå dette veks sunne spørsmål fram: Korleis har ein funne dette ut? Kan nokon andre etterprøve dette? Kven seier dette, og kva interesse og rolle har dei?

Slike kritiske spørsmål er nyttige i møte med nyheiter raskt formidla i sosiale medium. Denne formidlinga kan true den andre veggen i eit godt ytringsrom: forståinga for at kvar hending står i ein lengre samanheng og har ein kontekst.

Når vi diskuterer Midtausten er skilnaden på eit synkront og eit diakront perspektiv særleg relevant. Reaksjonane på det vi ser på TV akkurat no, blir forma av kor langt vi ser tilbake i historia, og kva vi legg mest vekt på i eit slikt historisk blikk. Når vi er bevisste på at både vår eiga og meininga til andre er eit resultat av slike val og fråval frå historia, blir meiningsbrytinga forhåpentleg litt meir nysgjerrig og litt mindre aggressiv.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement