Mange gjer seg tankar om woke. For somme vert tankane så mange at dei ikkje finn eit utgangspunkt. Då kan ein gjera som i lesarinnlegget til Øyvind Kvalnes 27. oktober, «Ungdomen sitt moralske alvor». Han finn eit springbrett i dei fem woke-essaya eg skreiv i Dag og Tid i haust.
Kvifor han gjer det, veit eg ikkje, for han finn eigne tankar om woke meir interessante enn mine – som i og for seg er greitt, eg har det vel på same vis.
Til dømes gjer han ikkje lesaren merksam på at essayserien både handlar om og heiter «Woke som religiøs rørsle», i ljos av mellom anna arvesynda, skuld og soning, og sinnelagsetikken. Kan henda har han ikkje har fått det med seg, kan henda finn han det uinteressant.
Om han ikkje har fått det med seg, er det rart, for «Woke som religiøs rørsle» står øvst i faktaboksen i alle fem delane. Om han har fått det med seg, men finn det uinteressant som innfallsvinkel, er det rart at serien min likevel vert innfallsvinkelen hans for dei mange tankane han gjer seg om woke.
Eg gjentek, meiner han, «ei vanleg misforsta°ing blant studentar som tek førebuande prøve og har da°rleg tid til a° lesa og lytta». Ja, det er underleg korleis me menneske finn hjå andre det me ikkje ser hjå oss sjølve –?som å ha «dårleg tid til å lesa og lytta».
Eit døme: I femte delen (13. oktober), «Verda er antiwoke», syner eg at mange politiske leiarar utanfor Vest-Europa er uttala antiwoke. Eg nemner Putin, Duterte, Bolsonaro, Trump, Orbán, Iran, Slovakia. Lista er lang. Dette er noko dei fleste har fått med seg. Men ikkje Kvalnes: «Eg fell av na°r Rem kjem med pa°standar om at ‘resten av verda er antiwoke’, og liknande generaliseringar.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.