Politi

Tilliten heng ikkje saman med våpen

Politiets Fellesforbund ønsker væpning av politiet.
Publisert Sist oppdatert

Dag og Tid etterlyser meir kunnskap før Stortinget avgjer om politiet skal vera væpna. Væpning er allereie grundig utgreidd gjennom to offentlege utgreiingar, og både Politiets tryggingsteneste, Politidirektoratet, politimeistrar, fagforeiningar og politistudentar støttar permanent væpning.

Sidan førre utgreiing frå november 2022 har politiet vore væpna i om lag sju månader til saman. Den tryggingspolitiske situasjonen er òg skjerpa. Mellom anna vurderer Politiets tryggingsteneste det som sannsynleg med sabotasjeaksjonar i Noreg i 2025.

Sidan 2014 har politiet vore mellombels væpna i rundt tre år. Desse periodane har gitt meir kunnskap og motbevist mykje av skepsisen – det har ikkje vore meir bruk av våpen i desse periodane. Alvorlege hendingar i nyare tid, som då politiet blei angripne av ein hjullastar i Lavangen, har vist at væpning kan spela ei avgjerande rolle når det står om sekund.

OECDs undersøking frå 2024 viser at finsk politi har høgast tillit (87 prosent), medan norsk politi har 77 prosent og britisk politi berre 56 prosent tillit. Låg tillit til britisk politi kjem mellom anna av kritisert politikultur, mindre synleg politi og meir kriminalitet.

Ei norsk undersøking frå 2024 viste at 77 prosent ikkje har tillit til politiets ressursar, 72 prosent meiner politiet har vorte mindre synleg, og 44 prosent er bekymra for kriminalitet. Problemet i Noreg er ikkje våpenbruk, men mangel på ressursar, lang sakshandsamingstid og låg synlegheit.

Norsk og finsk politi har høg tillit på grunn av god utdanning, minst mogleg maktbruk og sjeldan våpenbruk. Norsk politi blir væpna 9000–10.000 gonger i året, men skot blir berre løyste i 1 promille av tilfella. I dei aller fleste oppdrag løyser politiet situasjonen med dialog, klok framferd og minst mogleg maktbruk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement