To nasjonsbyggarar med ulikt syn på norsk naturSpråkSigurd SkirbekkDet er jubileumsår for Aasmund Olavsson Vinje i år. Vinje var den andre som tok til å skriva på landsmål, eller «norsk mål» som det den gong vart kalla. Ivar Aasen var den fyrste, Aasta Han

Både Bjørnson og Vinje let seg inspirera av killingar og lam. Men her slutar samanfallet, skriv Sigurd Skirbekk.
Både Bjørnson og Vinje let seg inspirera av killingar og lam. Men her slutar samanfallet, skriv Sigurd Skirbekk.
Publisert Sist oppdatert

Det er jubileumsår for Aasmund Olavsson Vinje i år. Vinje var den andre som tok til å skriva på landsmål, eller «norsk mål» som det den gong vart kalla. Ivar Aasen var den fyrste, Aasta Hansteen den tredje.

Dei tre kunne bli sett som personifiseringa av Fjord-Noreg, Fjell-Noreg og By-Noreg. Og om den tredje ikkje var ein like stor diktar som dei to andre, var ho til gjengjeld den første kvinna som vågde å skriva på landsmål. I Norsk biografisk leksikon blir ho omtalt med desse orda: «For Aasta Hansteen var landsmålet en form for opprør. Ikke bare var det en kamp for politisk og nasjonal frigjøring, men også en kamp mot den ensidige bykulturen, «hvor sjølgod Spidsborgerlighet havde tiltaget sig Eneret til Jordbunden». Utover i 1860-årene forsatte hun å skrive landsmålsdikt; en del av disse ble trykt i Dølen og i Ferdamannen». Ho høyrer avgjort med til nasjonsbyggarane.

Det gjorde sjølvsagt også Bjørnstjerne Bjørnson, jamvel om han ikkje var målmann, heller tvert i mot. Bjørnson skreiv: «Ja, vi elsker dette landet, som det stiger frem. Furet, værbitt over vandet, med de tusen hjem». Ivar Aaen skreiv «Millom bakkar og berg utmed havet heve Normannen fenge sin heim». Aasmund Vinje skreiv «No ser eg atter slike fjell og dalar, som deim eg i min fyrste ungdom såg”. Alle tok med andre ord utgangspunkt i norsk natur og det inntrykket som denne naturen hadde gitt dei.

Norsk natur er ikkje berre stein og fjell. Naturen har i uminnelege tider gjeve føde til dyra, så vel til ville dyr som til tamme dyr; dyr som i sin tur har gjeve føde til menneska. Geita og sauen blir i eit slikt perspektiv kanskje dei norskaste av alle husdyra våre.

Både geita og sauen kan bli sett i ulike perspektiv. Dei kan, i eit reint nytteperspektiv, bli sett som eit forråd for ull, mjølk og kjøt for menneska. Men dei kan og bli sett som ein del av naturen, dyr med ein eigenverdi og som har noko å lære oss.

Både Bjørnson og Vinje let seg inspirera av killingar og lam. Men her slutar samanfallet. Bjørnson skildra «lammet mitt» i eit estetisk og litt distansert perspektiv, med ein humoristisk slutt: «Vet du det ikke tuppen. Mor vil ha dig i suppen».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement