Tore Pryser og Reidar Hedemann
Tore Pryser har skrive boka "Samarbeid, tilpasning og motstand. Mer svik og gråsoner". Delar av innhaldet vekkjer debatt.
Foto via Wikimedia Commons
Tore Pryser gjev nytt liv til ei «ikkje-sak» i boka Samarbeid, tilpasning og motstand.
I artikkelen «Svik, gråsoner og tilpassing» i Dag og Tid 12. januar skriv Bernt Hagtvet om den siste boka til Tore Pryser at det er ein forskingsprestasjon av høgt merke. Eg har ikkje lese heile boka like grundig, men eitt av hovudkapitla har eg spesielle føresetnader for å uttale meg om.
Det handlar om Reidar Hedemann, som var sjef for kureravdelinga under Pressekontoret ved legasjonen i Stockholm. Han har aldri vore utpeika som nokon nasjonal svikar i vanleg meining av ordet, og nokon «gråsonemann» var han heller ikkje. Men eitt av underkapitla blir innleia slik:
«En av Hedemanns kurerer befant seg i gråsonen. Vedkommende var Oddleif Skåret (1914–1999) som også opererte på ei rute over Trysil–Särna. Han meldte seg inn i NS for å få ryggdekning for sitt motstandsvirke. På sensommeren 1942 frakta han ei pakke inneholdende hele 500.000 kroner som skulle leveres til Milorg-mannen Arild Lenth på Hamar. Imidlertid viste det seg at 3000 kroner manglet ved leveringen. I første omgang synes det som om pengene kom til rette. Men etter hvert ble det klart at pengene var forsvunnet. Det begynte å gå rykter om at Skåret hadde underslått pengene. Hvordan kunne han ellers ha råd til en rekke forbedringer på garden sin? Men det fantes ikke bevis mot Skåret. I et møte i oktober 1943 var konklusjonen at han fortsatt hadde Reidar Hedemanns tillit.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.