Torolv Solheim i 1940
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
I Dag og Tid nr. 7 ber Harald Berntsen, som tidlegare melde boka mi om Torolv Solheim i same avis, meg svare på kva som ligg bak det eg skriv om Solheim sine haldningar til den tyske invasjonen i 1940. Det er høgst uvanleg at ein meldar på denne måten startar avisdebatt med forfattaren, men eg skal prøve å svare.
Berntsen vil som historikar truleg vere merksam på at samtidige kjelder nesten alltid er meir opplysande og pålitelege enn memoarar og liknande som er skrive fleire tiår i ettertid. Eg må be han lese nøyare side 39–40 i boka mi, der eg viser til ein artikkel av Solheim i tidsskriftet «Kringsjå», som stod på trykk i eit nummer som kom ut etter 9. april. Solheim uttrykkjer her haldningar som var heilt i tråd med den offisielle partilinja til NKP sentralt. Blant anna skriv han at okkupasjonsmakta hadde «tydeleg sagt i fra at de ikke vil blande seg inn i de inrepolitiske tilhøve i landet og at de vil respektere vår forfatning og politiske rettigheter». Han hadde innvendingar mot Administrasjonsrådet, men det gjekk først og fremst på samansetjinga. Rådet måtte endrast slik at det støtta seg på arbeidarane og bøndene sine organisasjonar.
Historikaren Terje Halvorsen, som skildrar den kommunistiske motstandskampen i Noreg med stor detaljkunnskap og sympati, har forklart at partilinja i denne tida reelt sett innebar norsk militær kapitulasjon. I si eiga bok om krigen står Solheim sjølv for den same kritikken, slik Berntsen viser til. Solheim skriv til dømes om Administrasjonsrådet at det «politisk og militært var (...) eit lagnadstungt feilsteg». Om kommunistavisa Arbeideren skriv han: «Nå var der ingen skilnad på Arbeideren og dei andre avisene som kom ut i Oslo. Dei var alle velvillig kapitulerande i sin skrivemåte overfor okkupasjonsmakta (...).»
At Solheim utelet å nemne det han sjølv skreiv på same tid i «Kringsjå», har nok å gjere med at han i ettertid ikkje var særleg stolt av det.
I boka mi prøver eg å vise eit samansett bilde av Solheim gjennom alle krigsåra, først og fremst basert på samtidige kjelder. Haldninga hans til invasjonen den første tida, då Tyskland sigra på alle frontar og Sovjetunionen såg ut til å kunne halde seg utanfor krigen, er forståeleg og blei delt av mange. Det Solheim stod for i 1940, svekkjer ikkje inntrykket av han som ihuga motstandsmann under andre verdskrigen.