Traavik og Kulturrådet

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

I Dag og Tid 30. september skuldar Morten Traavik meg for å drive stråmannsargumentasjon. I eit intervju (Dag og Tid 2. september) seier eg at det vil krevje store ressursar å gje skriftleg grunngjeving til 8000 søkarar årleg. Traavik skriv at ingen har meint at alle 8000 skal få slik grunngjeving. Han meiner ein mindre del av søkarane skal få grunngjeving, men intervjuet handla ikkje berre om han. Det handla også om Kulturrådet generelt og heile den debatten som gjekk føre seg om ordningane og tildelingssystema våre.

Det var stemmer som meinte alle burde ha krav på grunngjeving, til dømes i Subjekt. Det var difor ikkje stråmannsargumentasjon frå mi side. Til no har Kulturrådet ønskt å styrke rettleiing av søkarar både før søknadsfrist og etter eventuelt avslag, i staden for ressursbruk på grunngjevingar. Internt i Kulturrådet har det også vore diskutert om det er enkelte av dei 43 ulike tilskotsordningane der det er meir hensiktsmessig å gje grunngjevingar. Det er vidt forskjellige måtar å vurdere søknadar på i til dømes fagleg utval for kulturvern, vurderingsutvalet for innkjøp av teikneseriar og musikkutvalet for arrangør- og festivalstøtte.

Traavik meiner det ikkje er reelt, berre performativt mangfald i Kulturrådets 23 fagutval. Ved oppnemning av utval legg Kulturrådet vekt på at det skal vere folk med ulik kompetanse, ulike kunstsyn, ulik bakgrunn, og at dei skal vere frå ulike delar av landet. Kunstnarar, bibliotekarar, akademikarar, festivalarrangørar, kuratorar og kunsthistorikarar, for å nemne nokre yrkesgrupper.

Medlemmene blir oppnemnde for to år av gongen og sit maksimalt fire år. Rulleringa skal sikre at ikkje eitt kunst- eller kultursyn skal etablere seg som det rådande i utvalet. Ser ein på fagutvala, er det tydeleg at mangfaldet ikkje berre er «performativt». Alle som vil, kan foreslå medlemmer til fagutvala. Kulturrådet må alltid vurdere om dei er godt nok sette saman.

Traavik meiner eg ikkje ser problem med tette band mellom utvalsmedlemmer og søkarar. Sjølvsagt er det eit problem, men det blir handtert i tråd med habilitetsreglane. Og vi må alltid vurdere om reglane er gode nok. Å ha eit utanlandsk medlem i kvart utval er ein interessant idé frå Traavik, noko som også har vore foreslått før. Det må da i tilfelle vere utvalsmedlem frå dei skandinaviske landa for at dei skal kunne lese søknader og delta i utvalsarbeidet.

Kulturrådet skal heile tida arbeide for at tilskotsordningar og tildelingssystem endrar seg i takt med kva som skjer innan dei ulike kunst- og kulturfelta, kva krav og ønske som blir stilt til openheit og transparens frå kulturliv, politikarar og samfunn, og tilpassast det til kvar tid sittande råds strategi og prioriteringar. Det skjer eit kontinuerleg arbeid med dette mellom anna gjennom endring av retningslinjer og vurderingskriterium, oppretting av forsøksordningar og kulturrådsinitierte forskingsprosjekt. Ofte skjer endringar i Kulturrådets ordningar etter innspel frå til dmøes institusjonar, kunstnarar og organisasjonar. Enten det er innspel frå Traavik eller andre.