Ordskifte
Tradisjonsbåtar – eit gløymt tema?
Er det mogleg å etablere område langs kysten med berre tradisjonsbåtar og opphavlege kulturmiljø? Denne båten ligg i Jåsund i Lyngdal. Foto: Tor Kjetil Gardaasen
I Bondhusvatnet under Folgefonna i Kvinnherad i Hardanger ligg ein liten gul og kvit plastbåt. Eg undrast om dette er Noregs mest fotograferte plastbåt. Han dukkar i alle fall opp på nettsider frå ulike kantar av verda som lovprisar Noreg og naturen her.
Det er nok ikkje fyrst og fremst båten ein har vilja fotografere, men han kjem med når ein vil eviggjera det storslegne landskapet inn mot Bondhusbreen og det stille og klåre vatnet med fonna og dei skrå fjellsidene – eit ikonisk motiv og så typisk Vestland som det går an.
Eg trur ikkje eigaren har hatt noka dårleg meining bak å leggja båten her. Men likevel: eit plastskjer i dette landskapet? Eg såg snarare for meg båten frå brudeferda i Hardanger på ein slik stad. Eller ein annan lokal tradisjonsbåt i tre. Det kunne ha vore både rett og flott.
Kva slag element skal vi plassera ut i turistlandskapa våre? Korleis ynskjer me at Noreg skal stå fram for dei som vel å kome hit? Eg reiste gjennom både Hardanger og deler av Troms og Agder i fjor sommar, men såg lite til verken tradisjonsbåtar eller sjønære miljø i nokolunde opphavleg tilstand.
Eg såg den flott hardangerjekta «Gurine» ved kaia i Rosendal. I Tromsø ligg ei velhalden fiskeskøyte ved bryggja. Men kva er det elles ein ser i dei storslegne landskapa rundt om i Noreg, til dømes etter dei stolte båtbyggjartradisjonane som mange bygder har hatt? Det var knapt tradisjonsbåtar å sjå langs strendene og lite å sjå av naust som var gamle eller ikkje restaurerte i hel på dei stadene eg var. For ein mannsalder sidan fanst slikt i kvar vik. Kvar har all denne kulturarven tatt vegen berre i løpet av nokre tiår?
Kunne lokale ro- og seglbåtar liggja på dei finaste utsiktsstadene og der turistar stansar? Og det kunne lagast små miljø i grendene med naust, trebåtar og båtstøer. Sparebankstiftingar og kulturminnefond har i tildelingane i det seinare sett fokus nett på kystens truga kulturminne med sjøhus, steinbryggjer og båtstøer.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.