Klagesystemet i Nav får krass kritikk i ei ny offentleg utgreiing. Utgreiinga «Raskt og riktig», som har vore leia av fyrsteamanuensis i jus Roald Hopnes, fortel om ein velferdsstat som i liten grad evner å gje folk det dei har krav på.
Til Dag og Tid i førre veke seier Hopnes at Nav-systemet for klager synast inspirert av den private forsikringsbransjen. «Men ein offentleg aktør som Nav er ikkje eit AS som i hovudsak skal produsere mest mogleg effektivt og tene mest mogleg pengar», minner juristen om.
Hovudproblemet med klagesystemet i Nav er at saksbehandlarane vert sette under tidspress. Det inneber at dei gjev for mange avslag i fyrste runde, og at dei ikkje hentar inn nok dokumentasjon på eiga fjøl før dei gjev avslag. I Nav-systemet er det nærast ein føresetnad at folk er i stand til å klage. Berre i 2021 vart det påvist feil i minst 29.700 fyrstegongsvedtak i Nav. Og dette er berre dei feila som er kjende. Alle dei som av ulike grunner ikkje orkar å klage, får me aldri vite om.
Dette systemet, der ein helst må ha både overskot og kunne stå på sitt for å få det ein har krav på i velferdsstaten, er eit vandrande paradoks. Dei som treng mest hjelp frå Nav, vil som regel også vere dei som har dårlegast føresetnader for å gå gjennom ein lang og krunglete klageprosess. Menneske med dårleg råd, dårleg utdanning, dårleg helse eller dårlege norskkunnskapar vil fort gje opp i møte med eit offentleg avslagsbrev.
Betre vert det ikkje av at mange også er redde for Nav, og ikkje heilt utan grunn. Den såkalla Nav-skandalen står att som eit uhorveleg skremsel for mange. Og når det heile toppar seg med at det er vanskeleg, og tidvis umogleg, å få kontakt med dei som fattar Nav sine vedtak, for å få svar på kva ein har gjort gale, er det ikkje rart at mange som slit, ikkje tar seg bryet med å klage.
Nav står i ei alvorleg tillitskrise. Mistilliten som i fleire år har vore vist andsynes tilsette og såkalla brukarar, kjem no i retur som ein bumerang mot etaten sjølve. Vegen ut av tillitskrisa går gjennom at Nav byrjar å syne meir tillit til dei som treng etaten si hjelp. Dette er eit problem som fyrst og fremst må løysast politisk, av di Nav og deira tilsette langt på veg er svinebundne av eit altfor detaljert regelverk. Færre reglar og mindre dokumentasjonskrav vil gjere systemet meir forståelig og oversikteleg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.