Ordskifte
Trygg utan Trump
Sjølv om det går så ille at USA sviktar Nato, er det ingen grunn for dei europeiske landa å gje opp dette forsvarssamarbeidet og dei strukturane som ligg der.
Endeleg skal det norske folket verta så redde at det ikkje ser annan utveg enn å kasta seg inn i den trygge EU-famnen, skriv Øyvind Røen.
Foto: Jana Rodenbusch / Reuters / NTB
Innlegget til Helge Arnli, «tryggingspolitisk rådgivar i Europabevegelsen», i Dag og Tid 28. februar er eit representativt døme på korleis norske EU-tilhengjarar argumenterer om dagen. Det gjer det freistande å endra litt på eit velkjent ordtak: «Det er aldri så gale at det ikkje er godt for nokon.» For etter tiår på defensiven har ja-sida no fått både Putin og Trump i fanget, slik at fanden kan målast i friske fargar både på den austre og vestre veggen. Endeleg skal det norske folket verta så redde at det ikkje ser annan utveg enn å kasta seg inn i den trygge EU-famnen.
Ja visst er det all grunn til å vera skremd over det som skjer i verda rundt oss, ikkje minst over at putinistane har teke over Det kvite huset igjen. Difor er det dessverre nødvendig for Noreg og resten av Europa å satsa mykje sterkare på forsvaret, når me ikkje lenger kan stola på USA som ein solidarisk Nato-partnar.
Så langt er eg einig med Arnli, men deretter sviktar logikken hans: På eit eller anna nær sagt magisk vis vert Europa meir slagkraftig viss dei militære styrkane stiller opp under dei tolv EU-stjernene i staden for kompassrosa til Nato. Men korleis kan det verta fleire soldatar eller våpen av det?
Sjølv om det går så ille at USA sviktar Nato, er det ingen grunn for dei europeiske landa å gje opp dette forsvarssamarbeidet og dei strukturane som ligg der. Ein viktig grunn til det er at Nato omfattar andre land enn EU, også utanom USA. Eg kan vel ikkje heilt tru at EU-tilhengjarane heller vil satsa på Austerrike og Irland enn Storbritannia og Canada.
Arnli kan gjerne snakka ned den britiske forsvarsevna, men det er innlysande at dei europeiske landa trass alt står ein god del sterkare med Storbritannia som alliert. Eg trur dei europeiske leiarane er så rasjonelle at dei ser dette.
Særleg for Sverige og Finland vil det dessutan vera avgjerande å ha Noreg med på forsvarslaget, enten me er EU-medlemmer eller ikkje. Trur verkeleg Arnli at dei to grannelanda våre vil godta ein forsvarsstrategi frå EU si side som ikkje inkluderer Noreg? Kan dei leva med eit russiskokkupert Noreg?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.